Tetatermanus "Tempo Lett"

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tempo Lett

BYGDEKOMEDIE FRÅ 1957

 

 

AV ARILD HOKSNES

Med innspel frå Svein Erik Nautnes, Endre Skar og Hans Rotmo

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

©Arild Hoksnes 2021


 

 

SPRÅK:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

 

 

1.AKT

     

LISSJE-ERIK MYRA KJEM HEIM FRÅ LOFOTFISKE EIN MORGON I APRIL 1957. GARDEN ER ENNO IKKJE VAKNA TIL LIV.

PÅ TUNET STÅR FJORDINGEN BRUNA FASTBOTTEN.

LISSJE-ERIK MYRA BER PÅ EIN SJØMANNSSEKK, ER URVEN, MEN IKKJE FULL.

BÅDE REISA OG NOKO ALKOHOL HAR SLETE PÅ HAN, HAN HAR GÅTT FLEIRE KILOMETER ETTER AT BÅTANE KOM I LAND I NATT.

LISSJE-ERIK MYRA ER FRUSTRERT, SKUFFA OG I EIT FANDENIVOLDSK HUMØR ETTER ENDÅ EIT NEDERLAG.

HAN REISTE TIL LOFOTFISKET I HARME, FOR ENDELEG Å SKAFFE SEG PENGAR TIL EIN TEMPO LETT MOPED, MEN FISKET SLO FEIL, OG HAN KJEM HEIM FATTIGARE ENN DÅ HAN DROG.

HAN SLENGJER FRÅ SEG SEKKEN PÅ EIN STEIN. DET GÅR LIKSOM EIT SUS GJENNOM LUFTA - LISSJE-ERIK MYRA SER OPP I LUFTA OG BEGYNNER Å NYNNE "TANGO FOR TO" - HAN LIKSOM DANSAR MED HIMMELEN, MÅSANE OG LUFTA RUNDT SEG.

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

"Å, du store mi tid, nå kjem den som je elske, nå kjem tango for to.."

 

(Dansar nokre ustøe steg)

 

"og sjå rett over golvet der kjem den je er reddest for, hæin Gunnar på Mo.."

 

(snublar i noko, og blir liggande slik at han oppdagar BRUNA)

 

Ja, her kjem 'n Gunnar på Mo, Bruna! Rett frå Lofotfisket, med lommene full tå pengar.

 

(vrengjer lommene sine)

 

Kystens Baron! Endeleg frikjøpt frå slaveriet på Myren Nedre, gardsnummer 5, bruksnummer 8 i Helvete på Jord.

 

(LISSJE-ERIK MYRA reiser seg opp og går mot Bruna. Agerer at han HAR moped)

Såg du meg då I kom, Bruna?

 

(Lest som om han har moped og rasar rundt i tunet)

 

På min nye Tempo Lett!  

Til 1400 kroner frå Jonas Øglænds sykkelfabrikk.

No, Bruna er det slutt på å gå her og sparke mold.   

No ska I te byen kvar kveld, ruse tempoletten på torget, og damene skal sverme

rundt meg som smekke i torvemyrane.

(Han slengjer frå seg mopeden, er tilbake i verkelegheita. Han går bort til BRUNA og klappar henne, skòrar hovudet sitt mot henne, og kviskrar inn i øyret hennar noko. Ser på henne som om han vil spørje om ho har forstått.)

(hermar radio)

 

 

"Her er Vigra lokal med nytt frå fiskeflåten. Lofotfisket i 1957 ser ut til å bli det dårlegaste i manns minne." Høyrde du det, Bruna. "Dårlegast i manns minne." Veit du kva det betyr, hæh?

 

(går og hentar sekken sin, tømmer innhaldet utover tunet)

 

Det betyr skitenklede, Bruna. Skit og lort og ball og merramøkk. Ikkje ei krone rikare enn då I var fattigare faktisk. Sjå her: Nye støvlar og sjøklede, borga på Samvirken. Skuldar peng, gjer I. (MEIR)

 

LISSJE-ERIK MYRA (FORTS)

(tek opp ein tørr hestemøkk som ligg bak Bruna)

 

Sjå, her Bruna! Du er rikare du, enn I.

 

(legg seg på kne framom hesten, snakkar bokmål)

"Kan jeg, Erik Knutsen Nedremyren, odelsgutt til godset Myren Nedre få lov til å smake et stykke av deres høybårenhet dronning Brunens deilige eplekake med krem?"

(skal til å bite i hestemøkka)

 

Pfføy!! Viss du ikkje kan drite eplekake med krem, så kan du vel drite gull då Bruna?

 

(Så tek han nokre dansesteg igjen)

 

"...ta et trinn fort og et trinn dit og et trinn bort og et trinn hit..."

 

(Han stoppar opp og ser på sin eigen lurvete tango.)

Sjå på meg no, Bruna."..og  så kjem det je itte kæin.."

 

(Dett oppi skitenkleda. Føysar vekk ei gammal truse som luktar ille. Legg seg så på rygg oppi resten som om det var ei seng)

 

(ropar høgt)

 

I KAN INGEN TING!!!

 

(Det høyrest ein lyd av folk inne i stua - ei dør blir opna inne. Me får ein anelse om at det er folk på garden som kan vekkjast.)

 

 

 

 

LISSJE-ERIK MYRA    (FORTS)

 

Hysj, Bruna. Du kan komme til å vekkje godseigar Knut Eriksen Myren.  Mannen som går baklengs med sjumilsstøvlar inn i framtida. Mannen som alltid skal vere først, best, størst og finast sjølv om halve raua heng utfor. Og då veit du kva det blir til, Bruna: Arbeid. Arbeid.

 

(hermar far sin)

 

"Det må ARBEIDAST her på garda!   Ungdommen kan ikkje å arbeide lenger!"

 

(Meir lydar som tydar på at nokon held på å stå opp.)

Du trivest du, Bruna. Ikkje sant? Du dreg gjerne eit lass til du. DU er ikkje interessert i fotballtrening om fredagskveldan, eller fare til byen og få tause på beraren, ha ferie....kjøpe ein....panelomn...du likar å dra heim torv du.

Trivest med livet slik det er.   

I nittensjuogfemti som i sjuoførti, som i sjuogtredve, som i sjuogtju, som i nitten..Og slik ska det vere i nitten sjuoseksti...ogsjuogsøtti.

 

(snur seg mot Bruna og peikar)

 

Men då er du DAU! Og det håpar I at I er au!

 

(går opp til hesten trugande)

 

Du er PØLSE, Bruna!

 

(pause)

 

Og I? Ei daud SILD!

 

(LISSJE-ERIK ser no ein hesjestaur som står skòra mot skjåen. No har han gløymt å ikkje bråke. Han tek opp hesjestauren og held han som eit spyd.)

 

 

LISSJE-ERIK MYRA  (FORTS)

 

I kunne ha blitt ein stor idrettsmann, som reiste verda rundt.

 

(Hermar radio)

 

"Vi er direkte inne fra sommerlekene her i Melbourne, Australia. Og det er klart for Egil Danielsen mine damer og herrer. Vår mann i spydfinalen her i OL.

Han er i tilløpet. Der kommer Danielsen..."

 

(Han kyler hesjestauren rett mot utedassen.)

 

"Og spydet går langt..."

 

(Hesjestauren går gjennom dassdøra. På dassen sit GAMLE­ ERIK MYRA og gjer frå seg. Han kjem stupande ut av dasset, med buksa på hælane.)

 

 

GAMLE-ERIK MYRA

 

Alle mann i dekning!

 

(Ut av hovedhuset kjem KNUT MYRA og kona  MAREN MYRA

springande, halvt påkledd. TULL-THOMAS heng i hælane

på dei)

 

KNUT MYRA

 

Kva i helsike? Er det verdens ende, eller er det berre

'na gamle idioten, igjen?

 

 

GAMLE-ERIK MYRA

Tyskerten kjem!

 

 KNUT MYRA

 

"Tyskerten", du din gamle hurre.

 

(ropar etter GAMLE-ERIK MYRA)

Det er tolv år sidan tyskerten klappa i hop her. Tolv år sidan, din tullstaur.

 

GAMLE-ERIK MYRA

Nei, det er hesjestaur. Tyskerten skjøt med hesjestaur.

 

TULL-THOMAS

(spelar munnspel og syng om ein annan)

 

Hesjestauuur, pessmimauuur, i luften fløy, i luften fløøøøy...

 

(Får sjå LISSJE-ERIK som har gøymt seg bak nova og dreg han fram.)

 

KNUT MYRA

 

Neimen, er det sjølvaste odelsguten som he komme heim? Så fint at du tek deg til med å rive ned utedassen når du først stikk innom. Men du kan få låne kubein, så du slepp å drepe slekt og venner.

LISSJE-ERIK MYRA

 

Det va kje meininga. Det skulle vare...eit  spydkast

 

 

 KNUT MYRA

(syrleg)

Eit meisterkast! Så banen blei for kort, ja. Og Lofotfisket er ferdig forstår I?!    Og du kom deg vel heim?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Jau, det gjekk no greitt..

KNUT MYRA

 

På moped, då veit I?

TULL-THOMAS

(syng til melodien "Hompetitten")

 

Mopeditten, mopedatten, mopeditten styra. Lofottorsken setter seg og køyrer heilt te Myra.

 

MAREN MYRA

(bryr seg ikkje om KNUT MYRA si mobbing av sonen)

 

Å, velkommen heim, no Erik.. Du ser trøytt ut. Men kvifor he du kasta alle sakene dine utover slik?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Nei, det..

 

KNUT MYRA

 

Det er vel minstelotten som ligg slengt utover her.

 

 

MAREN MYRA

 

Det er då vel fint at du får prøve deg på forskjellig. Det er nyttig å finne ut kva ein dug til.

Kanskje han Lissje-Eriken vår he skjulte talent?

 

KNUT MYRA

 

Ja, det he han heilt sikkert. Men dei talenta må i tilfelle gravast opp ut tå myra!

 

MAREN MYRA

Ikkje bry deg om han far, Erik. Han he berre stått opp med feil fot.

 

(Til KNUT MYRA)

MAREN MYRA forts

 

Han må då få prøve seg på noko anna enn å gå her og knarkast med deg! Tene seg nokre kronå sjølv.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

I ska kjøpe meg moped, om I så ska... gå fjørå heimatt frå Lofoten.

 

KNUT MYRA

 

Trur du ta her landet blei bygd tå folk på moped? Dei siste I såg som for med slikt unyttig trøskverk var tyskerten. Og så vidt I veit, så plaffa me dei ned og jaga dei frå garda dei au!

 

GAMLE-ERIK MYRA

 

(no med høygaffel)

Pang!Pang

 

(TULL-THOMAS begynner å herme og hoppe rundt.)

 

TULL-THOMAS

 

Mopeditten, pang! og mopedatten pæng!

 

LISSJE-ERIK MYRA

I ska kjøpe meg moped, og du skal sleppe å gje meg ei krone. I ska tene kvar ei sjøl. Men nokon gardbrukar bli I aldri - slik du vil ha det.

 

KNUT MYRA

Nei, I vil berre ha bestemann, I.

 

(Triv tak i han TULL-THOMAS og held han i nakken)

 

KNUT MYRA forts

 

Så I he skjøta garden over på dette bygdegeniet. Då er me heilt sikker på at det går rett i bekken utan seigpining, som når talentløyså di skal drive bruket. Ja, her skal det drivast gard, slik det he vore dreve.

 

MAREN MYRA

Ikkje snakk stygt om han Thomas! Det er ein god og snill gut. Det er ikkje så greitt for alle jamt. Det skulle DU vite au.

(KNUT MYRA spaknar litt.)

 

 KNUT MYRA

 

Ja, då Maren. I blir berre så irritert...

 

MAREN MYRA

 

Det he du vore jamt! Og du blir aldri likare. Kom, no går me inn og et frukost.

 

(GAMLE-ERIK MYRA fyk forbi med ein hesjestaur)

KNUT MYRA

 

Far!Far!! Svartens gubbjækel!

 

No får du ta deg saman, elles så burar I deg inne for godt!

 

(ser fortvila rundt  seg)

 

 

Er det I som e tullinj, eller er det resten tå verden?

 

 

LISSJE-ERIK BEGYNNER Å SAMLE SAMAN SAKENE SINE. DEI ANDRE GÅR INN.

 

 

KLARA GJØRMENSTAD

(kviskrar)

 

Erik! Erik, er du kommen?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Å, Klara, er det du? Det er tidleg...

 

KLARA GJØRMENSTAD

Det var ikkje akkurat vanskeleg å høyre at du kom, sjøl frå Gjørmenstad.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Nei,det va'n bestefar som sat på dass, skjønnar du...

 

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Bestefar? - det var no vel leven i fleire generasjonar trur I. Det he gått fint då, skjønar I, på Lofotfisket?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

 

Jau,ja,njæ...

 

KLARA GJØRMENSTAD

Ikkje?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Jaudå, flott. Fantastisk. Du he ikkje høyrt noko?

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

I he berre venta å få høyre frå deg I.

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

He du det? I trudde at du...etter at me...

 

KLARA  GJØRMENSTAD

 

Det er gløymt og gøymt det no, Erik. Me var vel ikkje i særleg humør nokon tå oss før du for. Og dessa foreldra våre, kva dei he dei med om I og du...

 

(Pause)

Du kunne vel ha skreve eit brev?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Brev? Jau, kunne vel det.

 

 

 

(Tenkjer seg om)

 

Nei, forresten, det kunne I ikkje.

 

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Kvifor ikkje?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Eeeh...Ha kje papir...

 

KLARA GJØRMENSTAD

Hæh?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Me var ikkje i land!

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Du verden, var det så godt fiske?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Det fall mykje på meg då veit du. Det va I som heldt

i roret, så og seie.

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Oj, var det dårleg ver, kanskje?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Dårleg ja! Bårene var so høg som...som...låvinj her.

 

(spring bort til låven og hentar sagkrakken)

LISSJE-ERIK MYRA forts

 

Og ein dag Klara, kappkjaure me.

 

(Rir på krakken som ein hest)

Det var tredve førti båtar, så blei slept ut samtidig far. Og då var det berre å gje 'na. I la meg på kjølen åt ein sunnmøring der, og rei...Svosj så var I førbi.

Så var det ein nordmøring...Han såg berre govet etter oss.

Det var om å gjere å komme føst ut, sjøl ein slik dag...få ut vegna før alle andre...

Og då me var komne ut, låg det sjuogtjue båtar etter oss, Klara. Då var det berre å få ut vegna og sope inn. Han Edvard var heilt handalaus etterpå...og I trur dei driv og flekkjer skrei endå.

 

KLARA  GJØRMENSTAD

 

Kor døktig du er Erik. Så då blei det pengar på deg?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Pengar? Jau, pengar! I veit ikkje kor mykje, men det måtte vel bli ein del tå all na fisken?

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Du Erik - i helga må du bli med på dans på Høgvang.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Dans? I? Nei...Kan det e so spela?

 

KLARA  GJØRMENSTAD

 

Han Konrad Bekken. Og I veit at han he fått skikkeleg dreis på "Tango for to" no.·

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

"Tango for.." Kva er det for noko?

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Du he no vel høyrt "Tango for to"-tå nå Prøysen, veit I? Vann no na konkurransen i radioen veit du, den blir no spela på radio heile tida.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Nei, den he aldri haurt. Høyrest kjedeleg ut. Nei,det er ikkje noko for meg.

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Kva slags musikk du likar då, Erik?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Jau...Det blir no helst rock. Rock 'n roll. Må henge med i tida veit du.  Kan ikkje site her og høyre på "Barnetimen for dei minste" til du stupe i penalhuset.

 

KLARA GJØRMENSTAD

Ja, då er det vel likast at du held deg åt na Line då. Ho er vel meir "moderne" - er det ikkje det du kalla det?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Line? Ikkje begynn med ta der no igjen.

(Gjer ein sveip ut på tunet og gestikulerer)

 

LISSJE-ERIK MYRA forts

 

Moderne ja. Me er komme te nittensjuogfemti,  Klara. Det er ei heil verden som ventar på oss - at me som er ung skal ta over og fløtte vekk frå na bakevjå her.

 

KLARA GJØRMENSTAD

Me skal no bli ganske modernisert på Gjørmenstad no, au. Det kjem ein agronom og skal ordne med silo åt oss. Og du skal sjå at Myra kjem etter, berre...

 

LISSJE-ERIK MYRA

Berre kva, Klara?

 

(Spørsmålet heng i lufta)

 

Berre me skjøt han far!

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

I førstår ikkje kvafør han far din og ho mor mi skal vare så i tottane på kvarandre jamt. Om dei to ikkje toler kvarandre, så treng dei vel ikkje å bry seg med kva me to gjer?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Klara, ta er me ferdig med!

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Ja, det er vel ho Line som grev deg. "Mitt moderne søskenbarn fra byen!"Hæh.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Det er ikkje ho Line. Det er berre...berre...

 

(sler ut med hendene og spring opp på sagkrakken)

LISSJE-ERIK MYRA forts

sa vengan.

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

He du fått vengar, Erik?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Ja,sjå på fuglan, Klara.

Dei renner seg ikkje på veggan, dei. Dei berre fer avstad dit det er best å vare. Der det er mat og dei kan pare seg. Friheit.

 

 

KLARA GJØRMENSTAD

Erik, då- me er då ikkje måsar, hell. Æsj. Berre et og skrik og ...og

 

(TULL-THOMAS kjem fykande som ein måse og begynner å pare seg med sagkrakken)

 

TULL-THOMAS

(Hermar måse)

 

Giiiiillla, giiiillla, giillla.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Hald fred, Thomas!

(til KLARA)

I las ei bok då I var på Lofoten, Klara. I slike bøker som ta her kan du finne kor sugne alle ungdommar er på friheit.

(tek fram boka)

Høyr her, Klara,

(leitar i boka, og reiser seg opp på hoggstabben og deklamerer)

kva·som står:

"Og engang skal hver eneste mann på jord erkjenne, at det var i ungdommen han kunne gjort alt, men ikke gjorde det.   Engang skal han erkjenne den bitreste av alle sannheter: at livet ikke kan leves om igjen; at ungdom er noe som bare unge mennesker har, og som bare gamle mennesker forstår å bruke."

 

KLARA GJØRMENSTAD

…at ungdom er noko som berre unge menneskje he, og berre gamle menneskje førstår å bruke..

Erik du er så klok som les og forstår slikt.

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

Å I veit no ikkje det.

(hoppar  ned   igjen)

Det er no berre noko i fann, slik tilfeldigvis.

 

KLARA GJØRMENSTAD

I veit ikkje om I greie å førstå me på bøker I.  Men me he "Alle kvinner" på Gjørmenstad. Der stod det noko som I syntest vaR so fint: "Elna panelovner frigjør energi".

 

LISSJE-ERIK MYRA

Ja, men det er klart, Klara at me må komme oss ut tå gjørma. Gjerne med ein panelomn, eller ei kjøleskåp. Kva i alle verden ska me med torv, når me he straum? Treng ikkje Alf Prøysen og torvstakkar og kumøkk og han Konrad Bekken med den rette trekkspel­ tecken.

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Han onkel Einar sei det han...

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Åååå, kom no berre med han au no ,så er dagen perfekt. "Stortingsmann Vommens kloke ord til det norske folk..."

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

...ja, han seie at berre Arbeiderpartiet no fer halde på, så ska det allder bli fattigfolk i Norge meir,

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

...han he sekkert ikkje vore svolten ein einaste dag, han.

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

...og snart ska alle få råd te kjøleskåp og bilar og...

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Dei seier det ja.  

Men dei er ikkje mindre før seg enn at dei vil forby motorsyklar sa stortingsfolka. Dei er livredd ungdom i flokk.Dei er vettskremt tå dei som ska ta over etter seg. Stortingsmann Einar Vommen, ja. Det er ein skikkeleg rock'nrollar. "Hey,babaluba, Vommen".

 

(rockar rundt)

Einar Vommen og Einar Gerhardsen - det er guta ti skinnbrok og traktorsko det!

 

TULL-THOMAS

Einar, eiiiiinar, einar

(rockar ilag med LISSJE-ERIK. Dei dansar og gjer seg til for KLARA, som skjemmest over opptrinnet og vil ha dei til å  halde opp.)

 

(Kjellaug Gjørmenstad kjem)

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

 

Så det er her du er, Klara? I lag med lykkejegeren personleg?

 

KLARA GJØRMENSTAD

Ver grei no mor!

 

KJELLAUG GJØRMENSTAD

 

Klara! I he sagt det åt deg mange gongar!

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Du treng ikkje å uroe deg, enkefru Gjørmenstad. I trur ikkje akkurat det er nokon akutt fare for at me skal begynne å pare oss.

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Erik då!

 

TULL-THOMAS

 

(hermar måsen)

 

Gilllla,gillla,giillla.

 

KJELLAUG GJØRMENSTAD

 

I er aldri heilt trygg på utsvoltne lofotfiskarar. Det er utruleg kva dei he lyst på før dei rekk å ta tå seg ryggsekken.

(Erik ler og er forakteleg samtidig)

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Mor, no held du opp. I forstår meg ikkje på deg.

 

KJELLAUG GJØRMENSTAD

 

Det er ikkje alt du skal forstå, Klara. Og når det gjeld mannfolk er det meste uforståeleg. Sann mine ord.

 

(ser  boka)

Sjå her ja! Er du blitt så storaktig at du les bøker au no, Lissje-Erik?

 

KLARA GJØRMENSTAD

Det er viktig å lese, mor. Det står mykje klokt i bøker.

(Lissje-Erik prøver å  ta boka)

 

KJELLAUG GJØRMENSTAD

Når var det du blei bokorm då Klara? Javisst, det er sikkert "god og moderne" litteratur ta her, ikkje santLissje-Erik?

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

(prøver  å ta boka endå ein gong)

 

Nei..., det er berre ei bok.

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Kva·ho heiter na bokja du las frå Lissje-Erik?

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

"Sangen om den røde rubin" heiter ho. Ikkje sant, Erik

 

 

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Ja og...ho handlar om oss ungdommar, gjer ho. Om korleis me skal leve. Er ho romantisk au boka, Erik?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Nei,det er berre ei bok! Ei som I fekk med ein på båten...

 

KLARA GJØRMENSTAD

Kven er det som syng om den røde rubinen då Erik?

 

LISSJE-ERIE MYRA

 

Nei, det er ikkje akkurat slik...

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

 

Å nei Klara, han Agnar Mykle syng nok andre songar.

(triv boka ut av hendene)

 

Her skal du høyre romantikken hans Lissje-Erik Myra, du Klara:

 

(blar opp ei tilfeldig side. Erik prøvar å  ta etter

boka. Klara forvirra)

 

:- "med et rykk hadde han ført hånden opp og lagt den mot hennes skjød"

 

KLARA GJØRMENSTAD

Mor, då!

 

KJELLAUG GJØRMENSTAD

 

"...og langsomt trakk han hennes silketruse av, og hennes duft var varm og fuktig"

 

(Tull-Thomas fer og snik rundt dei og kikar rart på dei)

 

KLARA GJØRMENSTAD

Mor, hald opp.Det står ikkje det, Erik? Gjer det?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

I...jau, I veit ikkje...

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

"La oss videre sitere fra dette romantiske verk" side eitthundreogsøttini.Her:  "Et øyeblikk trodde han det værste, at hun kunne være jomfru.."

 

KLARA GJØRMENSTAD

Erik, kva slags bøker er det du les?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Les og les, I berre...

 

KLARA GJØRMENSTAD

I vel ikkje sjå deg meir!

 

 

TULL-THOMAS

Trakk han hennes silketruse av.   Trallalalatrakk hennes siiiiiilketruuuse ahhhahahav

 

LISSJE-ERIK MYRA

Thomas! Hald fred.

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

Det er bra du les deg opp på slik litteratur som damer

vil ha.

Nei, far, du treng nok eit meir hardført kvinnfolkslag enn dydige Klara skal du komme nokon stad med denne romantikken.

 

TULL-THOMAS

Et øyeblikk trodde han det værste, han trodde det værste haaaaaaan

LISSJE-ERIK MYRA

 

Hald tåta, Thomas!...og få boka mi, ditt hespetre. Du treng ikkje å ape slik på ho Klara. Ho fer vel snart frå garden ho au, slik somme andre.

 

TULL-THOMAS

 

(Lissje-Erik spenner etter Tull-Tomas, som spelar munnspel og hermar etter det han he sett. Enka flirer og sler seg på knea.)

"Det er bra du les deg opp,Erik. På slikt som damer vil haaaaaaa" "Hold tåta, Tomas". Siilketruuse for to, det er ingen som he truse som ho Klaaarra på do.."

(Knut Myra kjem ut i arbeidsklede)

 

KNUT MYRA

Er det galehus her no igjen? I burde få minst 1000 kroner året i statsstøtte for å huse så mykje galskap.

 

 

(ser Erik)

 

Sjå te å  få i deg mat då, gut, så me får begynne å arbeide. Det skal foregå noko som heiter våronn her til gards no.

I veit ikkje om mopedisten kjem i hug kva det er, og i år skal me vere tidlegare ute enn moldapene oppi gjørma..

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

Er det garden Gjørmenstad med sine gode 100 mål dyrkamark og tilsvarende utmark, du snakkar om, Knut MYRA!!!??

 

KNUT MYRA

Å, faen!

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

 

Viss du ikkje skal bli hengande heilt etter her på garden, kanskje du skulle vurdere silo du au?

KNUT MYRA

 

Silo?!Då skal I heller drekke ublanda maursyre...og danse tango for to - baklengs!

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

 

Då kunne du kanskje rygge ein traktor på plass her på garden med det samme du for baklengs.

KNUT MYRA

 

Ja, visst han Gerhardsen gjev na Bruna alderstrygd!Kva gjer du på min grunn forresten? Trur du ikkje I he nok å dragast med som det er?

 

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

Å stakkars deg Knut. Du he så mykje å "dragast med" du. Eg ville berre sjå til at sonen er mindre klåfingra enn faren. Men eg har dårleg tru!

 

KNUT  MYRA

Det er vel alltids nokon som vil bli klådd au! Om ikkje anna så kjem Staten og klorar til seg siste biten tå alt me slit oss helselaus på.

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

Pøh! Du må satse litt sjøl veit du Knut Myra. Men du vil vel ha det på gamlemåten?

KNUT  MYRA

 

Frå I står opp te I legge meg høyrer ikkje om anna enn mopedar og traktorar og...og..panelomnar..og kjøleskåp og drit. Men no skal I snart kjøpe meg ein Sputnik-rakett frå Sovjet og dra rett til månen.

 

(Triv tak i Tull-Thomas og brukar han som rakett mellom fotane. Han hyler og geberdar seg)

 

Men kjenner I dalstrøka der rett, så hamnar I vel på Bloksberg. Og der er det vel du som regjere, enkefru Gjørmenstad.

 

(Enka på Gjørmenstad bles og snur på hælen og forsvinn. TULL-THOMAS riv seg laus.)

 

Nei, farken no må noko gjerast her. Kom her du Tull­ Thomas så ska me få fart på den moderne tid, med ei skikkeleg møkkagreip.

 

TULL-THOMAS

...og kjøleskåp det er tjøle artig...

 

 

KNUT  MYRA

 

(ropar)

Får I noko hjelp her, eller må I drite utover åkran sjøl au?

 

TULL-THOMAS

(Tull-Thomas spring inn)

 

Sputnik-rakett.Rutnik-spukett.Puuuuutnik,puuutnik

 

KNUT  MYRA

(ser Bruna)

 

Kva du står og glor etter Bruna? Du får stramme deg opp ellers så kjem han Gerhardsen på ein traktor og legg deg i silo.

(Tunet er tomt. Lissje-Erik samlar opp det siste. GAMLE­ ERIK MYRA kjem lurande ut)

 

 

GAMLE-ERIK MYRA

Halt!Achtung Erik!

 

LISSJE-ERIK MYRA

Bestefar. Snakkar du tysk au no?

 

GAMLE-ERIK MYRA

 

Nix mehr deutsch, Erik. Du Erik, DU må hjelpe oss.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Kven OSS?

 

 

GAMLE-ERIK MYRA

 

(kviskrar)

 

Gutta på skauen. Heimefronten.

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Bestefar...krigen er SLUTT for mange herrens år sidan.

 

 

GAMLE-ERIK MYRA

 

Berre narrespel for galleriet. Dei er overalt. Du haurte kva han sa?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Kven sa, kva?

 

GAMLE-ERIK MYRA

 

Der Führer Erik! I skulle burast inne sa han.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Det var berre noko han far sa, bestefar. Han seier så mykje..

 

 

 

 

GAMLE-ERIK MYRA

Me treng ein tanks, Erik. Og berre du kan hjelpe oss.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Tanks? Bestefar no må du ta tørn. Du veit at du tullar.

 

GAMLE-ERIK MYRA

 

Det blir inn i buret, det, visst ikkje. Og tortur, Erik.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Tortur?...Det  er slutt...

 

GAMLE-ERIK MYRA

Dei gjellar oss med greip, Erik. Tyskerten.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Herregud, kor du surrar, bestefar.

(Pause der  han tenker   seg om)

OK, så skal I få tak i ein tanks åt deg.

 

(for  seg sjølv)

 

På to hjul.

 

GAMLE-ERIK MYRA

Du får medalje når dette er over. Eikeløv.

 

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

Ja, I får i alle fall ikkje moped, så det kan vere greitt. Men no skal I ha frukost.

 

GAMLE-ERIK MYRA

 

Det er rasjonering! He du klipp igjen?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Ja da...

(ser på boka si) ei heil bok med klipp.

 

 

SLUTT   PÅ  AKT  1

 


 

AKT 2

 

 

 


 

 

 

AKT  2   TEMPO  LETT

 

(TULL-THOMAS he ein serie med opptrinn som illustrerer at me he flytta oss i tid frå april 1957 til juli samme året. Det kan til dømes vere at han illuderer 17.mai-tog,kler stadig meir av seg fordi det er varmt.

Han gjentek ein del av det som er skjedd i l.akt på sitt underlege vis, utan tekst. Det kan også vere lyden frå FILMAVISA.)

(7.JULI 1957: Det er ein brennheit dag. Det er torvonn) (LISSJE-ERIK kjem med ei trillebåre og ei torvespeie.

Oppi trillebåra sit LINE VOMMEN. Attmed spring TULL­

THOMAS. Han råkøyrer inn på tunet.)

 

 

LINE VOMMEN

 

NEI! Erik ikkje! Hjelp!

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Berre vent te I fer motorsykkelen min, så skal du få køyrd deg, Line!

LINE VOMMEN

 

Ja, denne farkosten he I i allefall fått nok av.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Det blir ein skikkeleg motorsykkel. Han kjem ein tå

dagane no. Og han seier brrrrrrrrrrrrrr.

 

 

(Dei skrålar rundt og veltar over kvarandre. Tull-Thomas spring rundt og sankar ihop redskap, medan dei to blir liggande tett inntil kvarandre. Famlande begynner dei å  ta på kvarandre, og fram mot eit forlegent kyss.)

 

TULL-THOMAS

Brrrrrrrrr-krasj-bang-brrrrr

 

TULL-THOMAS (FORTS)

(ser dei to)

 

Silketruuuse,silketruse

 

(Lissje-Erik reiser seg og skal ta THOMAS. LINE børstar forlegent av seg. KNUT MYRA kjem.)

 

KNUT MYRA

 

Ikkje driv så de øydelegg redskapen!   He de ikkje respekt for nokon ting, de ungdommar?

 

(LINE reiser seg skamfull og tørkar av seg. LISSJE­ ERIK samlar saman redskapen)

KNUT MYRA

 

Men kvifor he du med deg reiskapen heim? Skal du ikkje på igjen etter middagskvila?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

I orkar ikkje meir i dag.

 

 

TULL-THOMAS

 

Klokkå e tolv. Klokkå e tre. Klokkå e fire.

 

(barsk opp i fjeset på KNUT MYRA)

 

Livet er ikkje berre arbeid!

 

(pilar unna då KNUT langar ut etter han.)

 

KNUT MYRA

 

Orkar ikkje? Du vel ikkje seie at du er ferdig no?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Ferdig og ferdig.

(LISSJE-ERIK sler etter knotten som bit)

 

KNUT MYRA

Ja, det er bra einkvan får fart på deg. Kanskje det hjelper å bite som knotten. I trudde du hadde gløymt å arbeide, slik som du he rent rundt dei siste vekene til inga nytte.

 

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Torvemyrene er det verste I veit.

 

KNUT MYRA

 

Det er torvonn, Erik!

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Det ER ikkje anna enn onner! Heile tida!

 

 

KNUT MYRA

Skriv det på lista over alt det arbeid du ikkje kan fordra. Så he du snart ei bok tjukkare og meir deprimerande enn den Agnar Mykle-galningen kan greie å skrive.

 

 

LINE VOMMEN

 

Den der rettssaka...Tenk at dem vil sensurere ein norsk forfattar. Kva slags samfunn er detta her?

KNUT MYRA

 

I veit ein fin måte å få slike folk som Mykle til å oppføre seg: Gje dei ein dag med skikkeleg kroppsarbeid, så somnar dei til kvelds og ligg ikkje og tuklar med pennskaftet til langt på natt.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Nei, Line dette samfunnet blir snart forbikøyrd.

 

...tå ein skokk mopedar.

 

 

LINE VOMMEN

 

I gleda meg til å sjå motorsykkelen din, Erik.

 

KNUT MYRA

Er det ikkje Tempo Lett moped lenger - er det

«motorsykkel» no?

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Nei...ja - det blir visst…

 

KNUT MYRA

 

Ja, slik som du auser inn pengar, så er det vel ikkje noko problem. Det blir vel bil, traktor og gjødselspreiar i samme slengen? Hæh?

(LISSJE-Erik prøver å få samtalen vekk frå temaet. Gjer nytt arbeid med å rydde ihop torveutstyret, tørkar sveitte)

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

Jæken, det er heitt.

 

KNUT MYRA

 

Men sidan arbeidsdagen no tilsynelatande er slutt klokka tolv, så kan du altså garantere at det ligg fire torvstakkar ferdig i Toppmyrane?

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

Fire? Du får vere glad at me greidde TO stakkar før knotten åt oss opp.

 

KNUT MYRA

 

Berre TO torvstakkar? På ein heil føremiddag! Då I var fjorten år sette I opp sju torvstakkar åleine.

LISSJE-ERIK MYRA

Blir så klar i ryggen!

KNUT MYRA

Klar i ryggen! Du som he så kort rygg! Men skal me kanskje fryse ihel no då?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Fryse ihel? Me he så mykje torv at me kan hjelpe Fanden med å fyre i helvete.

Me kunna brukt elektrisitet, slik som anna folk.

 

LINE VOMMEN

Ja,.Herregud, kor enkelt DET er. I leiligheita våres

i byen så kasta me ut den gamle vedomnen.

 

KNUT MYRA

Åja, de traff ikkje tilfeldigvis Lissje-Erik Myra i

hauet med den omnen?

 

LINE VOMMEN

 

 

Og han far sier at det er slik dem gjør det over heile landet no. Du kan høre med han far kordan dem skal satse på å gjere kvardagen lettare for oss.

 

(Til LISSJE-ERIK)

 

Skulle ikkje me avstad å bade. I er klar for å kle av meg.

 

 

 

KNUT MYRA

 

Det hadde letta meg fleire tonn om nokon hadde gidda å arbeidd her!

 

(fortset på sitt)

 

Panelomna? Kva slags varme er no det?   Det er som å pesse i brokja for å halde varmen. Og før ein ekkel, tørr stank. Ikkje noko er som ei feit lang torve som brenn.

 

(Ser at Erik har lagt ihop utstyret)

 

Kva skal du no då?

 

(Erik deljer til ein laus gjenstand på bakken, som om det var ein fotball)

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Tenkte me skulle bade, når det var middagskvil, likevel.

 

(Til Line)

Og veit du line, i kveld blir det fotballtrening. No er båtane heime, så blir det storlag på leira.

 

LINE VOMMEN

Kom då din myrulldott! Siste mann uti er ein svettpung.

 

KNUT MYRA

Fotballtrening midt i torvonna. Var ikkje du og bada ein halvtime førre onsdag au, Erik.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Ja, og no skal me bade tå oss smekkå!

 

LINE VOMMEN

Ja! Treng i badedrakt då? I he med meg bikini.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Jau, bikini. Det er vel sikkert…Det er vel lite…I meinar det er ikkje stort.

 

LINE VOMMEN

Nei kjempelite er det. I må springe opp til ho tante og hente den først.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Greitt då skal I…eitt eller anna. Badebrok var det visst.

(ser oppgitt på Bruna)

 

KNUT MYRA

 

Bruna, Bruna - kan DU seie meg kva gale I he gjort for å få slik ein son? Kanskje me berre skulle sett 'n på eit mopedsete og sende han til framtida ein stad. Her blir det i alle fall ingenting med han - om det er gard, skipsverft, hermetikkfabrikk eller Lofotfiske.

 

(Tek med seg hesten og går)

 

(TULL-THOMAS tek trillebårå og begynner å herje med den. Set seg sjøl oppi, og forstår ikkje kvifor trillebåra stoppar.Syng: Kjerringa sette seg på porkå og rei, skrurudeliru,rompompei...Slengjer ho frå seg og spring etter ein katt.)

 

(GAMLE-ERIK MYRA kjem på tunet, set seg på låvebrua med avisa. Riggar seg til og skal lese.   Mykje styr med brillene, brokja sig av han, finn ikkje att avisa o.l. Så får han endeleg sett seg ned og les høgt overskrifter frå avisa medan han held avisa på strak arm.)

 

 

GAMLE-ERIK MYRA

 

"Rettsak om Mykles rubin"

(mullar for seg sjøl og gjentek setninga, snur og vender på avisa)

rettsak...rettsak..då blir det tortur...det blir gjelling..det er tyskerten ta der

 

GAMLE-ERIK MYRA (FORTS)

(høgt)

"Valgkampen starter snart!

(mullar)

kamp...det er kampar...på Lesjaskog...tyskerten er seig..seigliva jævlar

 

 

(Les vidare på ei ny side)

 

 

Og sjå DER ja, der er det ein fuling.

(...LISSJE-ERIK kjem att frå bading, vinkar adjø til

LINE og ser bestefaren,  set seg ned ved sida av han.

Bestefaren blir ivrig når han ser han, vinkar han til

seg. Peikar i avisa) ·

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Du les avisa på strak arm du bestefar?

 

GAMLE-ERIK MYRA

Det er krig i Norge, Erik!

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Nei, da bestefar. Det er fred i Norge. Me er i eit fredleg land, eit velstandsland. Det he aldri vore likare i Norge.

 

GAMLE-ERIK MYRA

 

Nei, det ER krig!

(peikar inn i avisa)

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Visste ikkje at du var så aktiv under krigen at du aldri blir ferdig med den?

 

(GAMLE-ERIK MYRA hysjar på han, og peikar ivrig inn i avisa)

 

 

Få sjå.Nei, men det det er jo "Fantomet"!

 

 

 

 

GAMLE-ERIK MYRA

 

Tyskterten! Stygge kledå, og brillå den fulingen.

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

Nei, Fantomet er ein teikneseriefigur. Han held til i jungelen i Bengal, bestefar. Det er derfor...Å Herregud, dette er nytteslaust.

 

GAMLE-ERIK MYRA

 

Jungelen? Ørkenkrig? Rommel i Egyptens land!

(reiser seg og spring forvirra)

Strakstiltak mot ørkenfienden. Strakstiltak. Samle troppene.

 

 

(LISSJE-ERIK blir sittande med avisa, då MAREN MYRA

kjem ut)

 

 

MAREN MYRA****

 

Å, Erik er du heime alt?

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Ja,no he I vunne å vaske tå meg smekkå au .Det var heilt uleveleg ute i torvemyra. Knotten og varmen.

 

 

MAREN MYRA

 

I var jo tenkt å komme ut med meir saft til dykk. Men så er de vel ferdige for i dag då.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Ja, viss du spør han far så..

 

MAREN MYRA

 

Bry deg ikkje med han. Var ho Line med au ?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Ja, ho var ikkje akkurat til så stor hjelp. Du veit no desse byfrøknene. Men ho hadde no eitt og anna og fortel - anna enn om Alf Prøysen og slikt.

 

MAREN MYRA

 

Ho er ei flott jente, men I trur ikkje ho trivst utom byen.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Nei, kven som gjer det? For ein varme.

 

MAREN MYRA

 

Ja, det er heitebølgje nedi Europa, sa dei på radioen. Oppi 40 grader. Folk he til og med daua tå varmen i Frankrike, sa dei.

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Det forstår I godt at det går an.

(peikar   i avisa)

Sjå mor - då er det rart at folk annonserer for panelomnar så varmt som det er.

 

MAREN MYRA

 

Skulle ønskje me hadde nokre slike me au åt vinteren. Men helst kjøleskåp. No er det heilt håplaust å halde noko kjøleg.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Men sjå her mor. Det står at Odnes Elektro i byen søkjer agentar for å selje panelomnar her ute.

Det kunne sikkert gå an å få selt noko her au, etter kvart.

 

 

LISSJE-ERIK MYRA forts

Skal I prøve å...?

 

MAREN MYRA

Prøve å?

 

(forstår kva han tenkjer på då han peikar på annonsa)

Jaaa, kvifor ikkje Erik? Der står det eit telefonnummer...Gå og ring med ein gong, du.

 

 

 

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

I ringer. Farken gjer I det. Kan ikkje gå her og trø resten tå livet.

(smakar på ordet)

"Panelomnagent"."Generalagent for panelomnar"

(til mora)

Kanskje det kan stå "generalagent" etter namnet mitt i telefonkatalogen?

 

MAREN MYRA

Ja, hysj no. Ring, men ikkje så han far høyrer det. Han synest telefon er berre bortkasta pengar.

 

LISSJE-ERIK MYRA

(yr)

Då skal I sel panelomnar åt alle, mor

(tek tak i henne og hersar rundt med henne)

Panelomn på panelomn for hundrevis tå kroner, til dei på Skott, på Røskaft, på Leirvågen og...dei to gamlingane på Herje - og DÅ skal I endeleg få kjøpt meg ein moped, mor!

 

MAREN MYRA

 

(mora heng så vidt med)

...gå no og ring først, Erik, så får me sjå..

(idet han slepp henne og går)

DU: Ein ting som du kan nemne til dei i byen.Det er forening her i kveld, og då kjem det masse "moderne" kvinnfolk som du sikkert kan greie å selje panleomnar til.

 

(LISSJE-ERIK køyrer liksom moped inn i svalgangen for å ringe. MAREN MYRA går inn.)

 

(GAMLE-ERIK MYRA begynner ein militær-eksersis saman med TULL-THOMAS oppe på vollen. Han har med rive og grev, og har no fått på seg Fantomlignande briller.)

 

(Medan dette pågår kjem AGRONOM LARS GRØNN inn på tunet. Får sjå det underlege opptrinnet og held seg littunna medan det pågår. Blir ståande og måpe)

 

(KNUT MYRA kjem att med hesten. Får sjå opptrinnet)

 

KNUT MYRA

Gamle-Erik Myra, no får du ta tørn. Hadde du

ikkje vore far min og hatt pengar på bok, så hadde i

sneppgjella deg og hengt deg til tørk på verveggen her. Det får då vere måte på å herje med redskapen.

Og du Tull-Thomas skal i bruke til endepåle på hesjene

viss du ikkje snart oppfører deg normalt.

(Tenkjer seg om)

Nei, akkurat DET er vel umuleg. Katta er jo meir normal enn du.

(KNUT får sjå AGRONOM LARS GRØNN. Peikar og seier til GAMLE­ERIK MYRA)

Er det ein tå dine stormtropper det der au?

 

GAMLE-ERIK MYRA

Nei, der er jo Fantomet!

(peikar på GRØNN med grevet, og legg på sprang etter han og jagar han med grevet. Det blir ei jakt der alle jagar alle.)

 

AGRONOM LARS GRØNN

Nei, jeg er Grønn!

 

 

 

 

KNUT MYRA

 

Du ser no kvit ut for meg!

 

GAMLE-ERIK MYRA

Han er Fantomet. Ørkenkrig! Sabotør!

(Knut Myra greier å stoppe dei to og held dei i nakken. Tull-Thomas held han mellom føtene.)

KNUT MYRA

 

Så no er det nok tøv.    Gå og legg deg far, og du Tull­ Thomas finn deg ein vaskarklut. Du SER ikkje som folk heller. Og då kan me sleppe laus grønskollingen her au.

 

AGRONOM LARS GRØNN

Ja, takk. Det var jo ikkje meiningen. Den gamle mannen...

 KNUT MYRA

Han der. Han er heilt tullerusk. Trur det er krig.

AGRONOM LARS GRØNN

Han var kanskje med i kampene ved...

 

KNUT MYRA

 

Han der nei.    Dei einaste kamapane han var med var nok på DASS. He hatt dårleg avføring lenge. Nei, då han sat og prata store ord i ei krå her på garden, slik som dei fleste andre som plutseleg blei krigsheltar 8.mai i femogførti. Han hadde vel drete på seg om nokon lausna skot etter han.

 

 

AGRONOM LARS GRØNN

Å, slik å forstå.

KNUT MYRA

 

Men du er altså oppe i gjørma og balar du då?

 

AGRONOM LARS GRØNN

 

Gjørmenstad Gård, ja.

KNUT MYRA

 

Ja, det var vel noko slikt fint dei kallar det. Du veit det ER berre ein gard her opprinneleg - og denne eine garden heiter MYRA. "Myren Øvre" og "Myren Nedre" står det i papira, berre at Myren Øvre alltid he heitt «Gjørmå» her ute.

 

AGRONOM LARS GRØNN

 

Gården har i alle fall et voldsomt potensial. De siste par månedene har vi lagt driftsplan og skal satse på silo. Og gjødselspreder med ballongformet ammoniakk-tank.

KNUT MYRA

 

Pøh!

AGRONOM LARS GRØNN

Og så minkavl.  Vi eksporterer skinn for 50 millioner kroner i Norge i dag, Myren. Ja, skulle det ikke være en ide for Myren Nedre også det da? Litt samdrift?

 

KNUT MYRA

Det er ikkje ideane som er problemet her på garden. Det renn ut usila tøv og tant kvar dag tå mannskapet.

I he rundt meg. Men dei skal betalast alle desse ideane au.

 

 

 

AGRONOM LARS GRØNN

Ja, men nå finnes det finansieringsordninger i

Landbruksbanken.

 

KNUT MYRA

Ikkje nemn lån åt meg.   Han krigshelten du såg der, gjekk på to konkursar før krigen kom og redda han.

Alt du ser her er gjeldfritt, og slik skal det vere.

(LISSJE-ERIK kjem springande ut etter at han har snakka i telefonen)

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

Mor, det gjekk fint!

(ser seg omkring)

Å, er ikkje ho mor her?

KNUT MYRA

Og der he me arbeidshesten vår. Lissje-Erik Latstaur.

 

(AGRONOM LARS GRØNN og LISSJE-ERIK helsar usikkert)

 

Og her he du agronom Grønn som residerer på Gjørmenstad, men som ved eit mistak hamna på Myren Nedre, kjent for sine arbeidsvillige gardsfolk. Han he nettopp helsa på familiens overhode og krigshelt, GAMLE-ERIK MYRA, mannen med fispatronene. Og er imponert!

 

AGRONOM LARS GRØNN

Ja,jeg hørte Klara snakket om deg.

 

(Helser på kvarandre)

 

 

KNUT MYRA

 

(syng)

"Det var visst noen som lo, å javisst det var a Klara, det var det je forstod."

 

(LISSJE-ERIK oppgitt, prøver å sleppe til med eit ord)

 

AGRONOM LARS GRØNN

Klara er ei fin jente. Er det kanskje en langsiktig satsing på å slå gårdene sammen når de unge kanskje kan bli et par?

KNUT MYRA

Slå saman nei! Slå kvarandre i hauet med ein tung staur, kan me gjere.

(brysk)

Og ho Klara er ingenting for han «Gunnar på Mo»,

(mildare for å  glatte over)

...er det ikkje slik dei syng då?

 

AGRONOM LARS GRØNN

Synger? Jeg tror ikke jeg forstår helt.

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Du, far - det var ho Bruna og vogna.

 

KNUT MYRA

 

Kva du skal med den?

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

I skulle ha vore på fotballtrening i kveld.

 

KNUT MYRA

Fotballtrening? Med hest og vogn? Du kan no vel gå, eller ta sykkelen?

 

AGRONOM LARS GRØNN

 

Det foregår liksom med hest og vogn fremdeles da?

 

(til GRØNN)

 

KNUT MYRA

 

Og det "foregår" meget utmerket, takk.

 

(til LISSJE-ERIK)

 

Ja, ta merra du, og vis herr agronom Grønn her at det fremdeles finst nokon som tek eit tak utan å drikke diesel.

 

(ropar til hesten)

 

Sant, Bruna?

 

(KNUT MYRA går)

 

AGRONOM LARS GRØNN

Du, Erik - , når du først skal ut med vogn…

Du kunne ikke ta med mopeden min som ligger inne ved Gravneset?  Den fikk motorstopp. Det er sikkert bare pluggene.

 

LISSJE-ERIK MYRA

He du...moped?

AGRONOM LARS GRØNN

Ja, det er nå bare...

LISSJE-ERIK MYRA

Kva slags modell?

AGRONOM LARS GRØNN

Modell? Det er vel en sånn Handy, eller er det Tempo Lett? Er egentlig ikke så interessert, skal kvitte meg med den.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Skal du selge den?

 

AGRONOM LARS GRØNN

 

Ja, nei...jeg vet ikke helt.

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Kor mykje skal du ha?

 

AGRONOM LARS GRØNN

 

Nei, så langt hadde jeg faktisk ikke tenkt.

 

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Men du kunne tenkje deg å sel? Til rett pris.

 

AGRONOM LARS GRØNN

 

Joda, jeg vet ikke. En sju-åttehundre måtte jeg vel ha.

 

LISSJE-ERIK MYRA

(skuffa)

Ja, du måtte vel det.

 

AGRONOM LARS GRØNN

 

Men hvis du kan ta den på vogna så hadde det vært flott.

 

(MAREN MYRA kjem ut)

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Mor, det gjekk! I får...

 

(kjem på at agronomen står der og modererer seg litt)

 

...agenturet, berre I greie å selje fem omnar sa dei. Og det kjem fem omnar med båten i kveld. Er ikkje det bra?

 

MAREN MYRA

Så fint, då skal du få prøve deg på foreninga i kveld.

 

 

 

(LINE VOMMEN kjem )

LINE VOMMEN

Å Erik!Du - han far ringte nettopp og sa at han kjem i kveld.

(flørtende)

 

Trur du at I kan få sitte attmed deg på vogna, og at me hentar han med det samme?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Ja, det..

 

AGRONOM LARS GRØNN

 

Han skal på fotballtrening. Med hest og vogn, ser du.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Ja, nei,--fotballtrening. I veit ikkje heilt.

 

LINE VOMMEN

(framleis flørtande)

 

Du skulle hatt motorsykkelen du he bestilt no veit du.

 

(MAREN MYRA og AGRONOM LARS GRØNN ser forvirra ut)

 

AGRONOM LARS GRØNN

Motorsykkel?

 

 

MAREN MYRA

He du bestilt motorsykkel, Erik?

 

(LINE ser uforståande på dei alle)

 

LISSJE-ERIK MYRA

Jau...

(prøvar å skifte tema)

Kva han skal stortingsmannen Vommen no då? Gå hand i hand mann mot mann, eller kva det heiter.

 

AGRONOM LARS GRØNN

By og land...

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

By og land, mann mot mann?

(ser seg fortvila rundt)

 

Det er forferdeleg heitt i dag, Grønn...Heilt grønjævlig.

 

LINE VOMMEN

Erik, då!

 

(spøken fell i dårleg jord. KLARA kjem og reddar situasjonen)

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Å hei, Klara,

(spring mot henne og skal ta rundt henne. Ho ryggar forundra)

No kom du sanneleg i rett tid.

KLARA GJØRMENSTAD

 

Å, til kva då?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Nei, til å vere så heitt, meinar I...

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

De greier de sikkert godt uten meg. Det er vel heitt nok som det er både her og der.

 

(til agronomen)

 

Men då, Lars får du vere snill å komme opp og få litt mat. Me lurte på kor du hadde blitt av.

 

(Dei er litt blyge for kvarandre)

 

AGRONOM LARS GRØNN

 

Mat? Ja, mat er alldeles strålende...

 

(til dei andre)

 

Så da får dere bare..

 

KLARA GJØRMENSTAD

Ikkje bry deg med dei, du Lars. Dei greier seg sjølv.

 

 

 

(Glefser til LINE før ho går)

 

Du frys vel ikkje uten bikini heller du?

 

LINE VOMMEN

 

Kva er det ho er så sur for? Og kva blir det til med oss, Erik?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Med oss?

 

TULL-THOMAS

 

Trakk han hennes silketruse av, Trallalalla trakk hennes

Siiiiiiiilketruse av.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Hysj, Thomas!

LINE VOMMEN

Med turen til kaia…Hente far.

LISSJE-ERIK MYRA

Til kaia med oss. Ja. Jau. Javisst. Bruna, kom hit. Nei, I meinar no kjem I dit, Bruna. Du blir der.

LINE VOMMEN

Har du fått heteslag, Erik?

LISSJE-ERIK MYRA

Garantert. Dobbeltsidig. Akutt.

 

LINE VOMMEN

(går etter han. Dei fortset ein samtale medan dei går ut.)

Kva var det med denne motorsykkelen, Erik?

LISSJE-ERIK MYRA

Bruna. Bruna. No ska me på tur.

LINE VOMMEN

Erik!

 

 

 

 

 

 


 

 

(MIDTAKT)

 

(OVERGANG: Det gamle tidssignalet til EIVIND GROVEN frå NRK, som TULL-THOMAS framfører ein sinnsjuk dans til.)

 

(Det er sein ettermiddag samme dag, 7.juli. LISSJE­ ERIK kjem med Bruna som trekker ei vogn. Saman med LISSJE-ERIK og LINE VOMMEN sit STORTINGSMANN EINAR VOMMEN. På lasset ligg det nokre panelomnar under eit teppe, og det stikk fram eit hjul av ein Tempo Lett moped. KNUT MYRA er ute på tunet og hersar med TULL­ THOMAS med eit arbeidsstykke.)

 

 

KNUT MYRA

Det er det verste I he sett!

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Nei..det er berre ein arbeiderpartimann, min gode  Knut Myra. Det finst da vel verre folk? Ha-ha.

 

KNUT MYRA

Det finst i alle fall verre TING! Kva er det som stikk fram under presenningen, der Erik?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Det er ein moped, Tempo Lett. Grønn.

KNUT MYRA

Ser det ja, bortsett frå at den er blå.

 

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

Det er Grønn sin! Agronomen.

KNUT MYRA

Jaha. Kva gjer den på vogna vår då?

Slikt vil I ikkje sjå her til gards.

 

(Vogna stoppar og STORTINGSMANN EINAR VOMMEN og dottera

LINE VOMMEN går av. Ho flørtar litt med LISSJE-ERIK)

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Du er ikkje særleg glad i mopedar, du Knut?

 

KNUT MYRA

Jau, då. I et dei te frukost. Gutungen he sett seg i hauet at han skal dra hit slikt utyske, men det blir over mitt lik. Og heldigvis er han så dårleg forretningsmann at han aldri greier å spare seg opp pengar til det kjøpet, heller.

 

(Til LISSJE-ERIK)

Køyr svineriet dit det høyrer heime.

(Lissje-Erik køyrer)

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Ja, me he faktisk hatt det oppe på Stortinget i vår, dette med motorsyklane. Desse motorsykkelbandane må takast og straffast. Motorsyklar fører til kriminalitet.

 

(ropar etter Lissje-Erik)

KNUT MYRA

 

Høyrer du Erik? - du blir bura inne du au.

 

 

 

(GAMLE-ERIK MYRA høyrer dette, og legg på sprang frå

"fienden".)

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Nei, no overdriv du vel litt, Knut Myra. Ha-ha.

KNUT MYRA

Ja, de he vel skikkeleg ferie på Stortinget, tenkjer

I?

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Må sjå litt om familien på Gjørmenstad. Men i synest enkja der oppe greier seg bra etter at bror min døydde? Kva synest du?

KNUT MYRA

Nei, ho søkk ikkje første døgnet ho. Det skal vere visst.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Og så må I sjå til at ho Line får skikkeleg med frisk luft.

 

KNUT MYRA

I trur ho helst ville ha supa i seg litt eksos ho au.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Nei, he-he, ho Line likar seg godt her blant den friske, sunne bygdeungdommen.

LINE VOMMEN

Slutt å tull pappa.

(Spring etter LISSJE-ERIK og vogna )

 

 

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Og så tenkte I sant å seie å få hengt opp litt plakatar til valkampen.

 

(begynner å finne fram valgplakaten)

Det er vel ingen som får deg til å stemme Det Norske Arbeiderparti i oktober, Knut. Hæh?

 

KNUT MYRA

Nei, no he me fått stabla opp ein Bondepartimann på tinget, så får me prøve å halde han der, til me alle er daude.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Ha-ha, så pessimistisk då. Sjå her...

(tek fram valgplakat)

 

"Nye gode år". Kan det seiast enklare og meir forståeleg?

KNUT MYRA

Ja, det er så enkelt at me analfabetar på bygdene forstår det til og med. Resten er vel reist til byen.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Du må då innrømme at det går framover med Moder Norge.

 

(MAREN MYRA kjem ut)

Og snakkar me om ho mor, så kjem ho sanneleg.

 

 

 

 

MAREN MYRA

Å, stortingsmannen! - er det slikt fint folk som fer forbi. Då er det vel storpolitikk de diskuterer då, de som følgjer med i slikt.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Nei, I skulle nettopp til å snakke om kjøleskåp og vaskemaskin.

MAREN MYRA

Å! Du verden. Det kan no til og med I forstå meg på.

KNUT MYRA

Pass deg no kjerring. Her luktar det svidd valgflesk lang veg.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Ha-ha. Nei, no skal I seie dåkkå at det kjem ei ny tid her til lands. Gjenreisingsarbeidet  er gjort. Arbeidstida er sett ned...

 

KNUT MYRA

 

Arbeidstida? Jammen sa I smør.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Kva?

KNUT MYRA

 

Nei, det var berre noko smør I tenkte på.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

- jau, det er endeleg tid for å fjerne dei siste restane tå fattig-Norge, og då er eitt tå våre store mål å fjerne slitet husmora har, det gamle slitet her på landsbygda.

 

MAREN MYRA

Ja, me kunne trenge det - det he stortingsmannen rett i.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

(som ein talar)

Kjøleskåp og vaskemaskin skal bli allemannseige. Alt me måtte avstå i gjenreisinga og produksjonsutbyggingas namn skal me no ta att!

KNUT MYRA

 

(ser  seg rundt)

Jammen blei det applaus, gutt. I trur ikkje det er berre kjøleskåp og vaskemaskin de brukar, Vommen - I trur de brukar store kokekar for å lage så mykje syltynn spikarsuppe.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Nei, det er hald i det regjeringa Gerhardsen serverer skal I seie deg, Erik. Kva med sjuketrygda, forsørgjartrygda, pensjonstrygda for fiskarar...og alderstrygd utan behovsprøving?

KNUT MYRA

Det hjelp ikkje det, når ungdommen berre vil bade seg og køyre moped!

MAREN MYRA

Nei, no må de to i alle fall komme inn og fortsette dei "politiske samtalane" attmed kaffibordet. Det skal vere kvinneforening her i ettermiddag, og I he laga mykje god kaffimat. Versågod, Stortingsmann.

 

(viser han inn)

 

Jau, kanskje I skal stemme på dei som ordnar kjøleskåp åt meg...

 

KNUT MYRA

Maren Myra, no tek du deg saman!

 

(dei går inn i halvmunter passiar)

 

(Tull-Thomas kjem utkledd med skaut og agerer foreningskjerring. Kaklar som ein høne og gjer seg til, for å  herme etter kjerringane. Så kjem foreningskjerringane, og Tull-Thomas spring)

 

KAROLINA WICKLUND

Jaaaa,det var merkeleg stilt her på garden i dag.

 

VIROLINA KACKLUND

Det.er nok berre ein...hullusin...ein  hallo..

 

KAROLINA WICKLUND

Kva for noko?

VIROLINA KACKLUND

 

Ein hullu-sinei-sjen, tenkjer I.

 

KAROLINA WICKLUND

 

Kva det er for noko det du? Ein "hallusineisjn".

 

VIROLINA KACKLUND

I haurte om det på radioen, at somme gonger så kunne det hende at det ein såg og haurte ikkje VAR det ein såg og haurte.

 

 

 

KAROLINA WICKLUND

 

Jaaaa, her i garden er det no både og med det. Det treng ein ikkje radioen for å vete.

 

VIROLINA KACKLUND

Det veit no vel me! Det er vel meir under golvmattene her enn torvemold.

KOKK-SOFIA

Kva for noko då? - både og? Under golvmattene?

 

KAROLINA WICKLUND

Me berre hallusine-i-sjenere litt..

 

(flirer)

 

VIROLINA KACKLUND

 

Hysj, no kjem det visst nokon!

 

(MAREN MYRA og LISSJE-ERIK, i dress, kjem. Han har med seg omnane på ei mindre kjerre med ei teppe over. Kjerringan gjer store augo.)

 

KOKK-SOFIA

Nei, no I trur I verkeleg hallusineisjenere...Er det ikkje han Lissje-Erik?

 

VIROLINA KACKLUND

 

I dress!

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

(til mora)

 

Mor! I sa det va unødvendig å ha på me sa kledene.

Ja, no skal de vere velkomne inn. Men først skal han

Erik vise dåkkå ein ting.

 

KOKK-SOFIA

Kva du er så fin for, Erik? Ska du ut og fri åt ho Klara?

 

 

KAROLINA WICKLUND OG VIROLINA KACKLUND

Trur ikkje det akkurat!

 

MAREN MYRA

(bryt dei av og ser brysk på kjerringane)

 

Han Erik er agent!

 

KAROLINA WICKLUND

 

Å, du store min. Russisk agent!

 MAREN MYRA

Nei, kjære folk!!

 

 

MAREN MYRA (FORTS)

(til Erik)

 

Ja, vis dei no då Erik!

(dreg  vekk dekket  over panelomnane)

 

Panelomnar !

(til Lissje-Erik)

 

Så, Erik, no må du prøve å selje!

 

LISSJE-ERIK MYRA

Ja, no...altså...kva  var det I skulla sagt?

 

MAREN MYRA

(Til Erik)

At du sel panelomnar!

(Til kjerringane)

Han er sååå flink. Selt masse omnar over heile fylket. Generalagent.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Mor! Nei, altså.

 

(til kjerringane)

He de ikkje alltid drøymt om å sleppe unda torvefyring, mine damer.

 

KAROLINA WICKLUND

Jau, me he lagt inn straum, over alt me.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Ja, ikkje sant!

 

VIROLINA KACKLUND

Det er no vel dyrt å bruke straum te alt?

 

 

KAROLINA WICKLUND

Å, me he ein målar oppå loftet. Lyt no følgje med forbruket sjølvsagt. Ellers så bli det smalhans oppi Lia.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Tenk på alt de sparer!

 

KOKK-SOFIA

Sparer me på å bruke, Erik? Dette forstår i ikkje?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Med Elta panleomn sparer du deg bryet med å spa torv, stakke torv, køyre heim, rusk og mol på golvet...

 

VIROLINA KACKLUND

Ja, det er skitsamt ta torvet...

LISSJE-ERIK MYRA

Ja, ikkje sant. Berre skru på her - på TO, så he du ein fin lunk, heile døgnet.

 

KAROLINA WICKLUND

Ja, dette kan me lese rett tå på målaren oppå loftet me altså. Visst me vel. Det er ei rød pil, der forstår de, som..

 

VIROLINA KACKLUND

Ja, men når det bli bitandes kaldt då Erik.

LISSJE-ERIK MYRA

Ja, ikkje noko problem. Då er det berre å vri han opp på SEKS!

 

 

KAROLINA WICKLUND

 

O hoi! Då skal han romstere bra den karen oppå loftet

 

VIROLINA KACKLUND

I sveitta, I!

LISSJE-ERIK MYRA

Nei, men høyr no her...Vinteren er ikkje langt unna.

MAREN MYRA

Nei, de må ikkje vere som grashoppa, men som mimauren. Mimauren bur seg på vinteren, han.

KOKK-SOFIA

Ja, I trur I pessa på meg, likeins som mimauren, visst

I ikkje kjem me på do snart.

KAROLINA WICKLUND

Dur no vel ei retteleg grashopper du Erik. He du ikkje skikkeleg arbeid å halde på med.

LISSJE-ERIK MYRA

Men, høyr no her.   Ska de ikkje prøve ein panelomn denne vinteren? De kan få betale i avdrag au!

VIROLINA KACKLUND

Seigpining altså? Nei, veit du, DÅ!.

LISSJE-ERIK MYRA

Fem kroner månaden!

KAROLINA WICKLUND

Det skulla bli populært borti Lia, at me skulla spretta bankbokja kvar månad - for fem kronå åt ein panelomn.

Då ha det ikkje blitt mykje "Tango for to". Nei, I

trur ikkje...

VIROLINA KACKLUND

I veit ikkje, kjerringa. Det blir dårleg med strømper åt negeren i Afrika visst me bli ståande her og skravle bort kvelden.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Men...

MAREN MYRA

Ein annan gong, Erik, trur I. Du er flink.

 

(til kjerringane)

Sant nok. Men de lovar å tenkje på det ikkje sant? Panelomnane.

 

KAROLINA WICKLUND

Jau, tenkje ja. Tenkje med gru!

(Dei går inn)

 

TULL-THOMAS

Med gruuuuuhhuuuu.

(Opptrinn der han hermar etter alt og alle.)


 

(LISSJE-ERIK sit og sturar på tunet. Salsmøtet gjekk elendig. Endå eit nederlag. GAMLE-ERIK kjem lurande bort til han.)

 

GAMLE-ERIK MYRA

Erik! Erik!

LISSJE-ERIK MYRA

Ja, bestefar, kan du ikkje berre...?

GAMLE-ERIK MYRA

No må det skje snart.

LISSJE-ERIK MYRA

I synest det skjer noko heile tida.

GAMLE-ERIK MYRA

Tanksen, Erik! Tanksen!

LISSJE-ERIK MYRA

(kjem på kva han har lova)

 

…Tanksen? Å ja, DEN...Men du bestefar, du forstår vel det at...

(til seg sjølv)

Nei, det nyttar vel ikkje.

GAMLE-ERIK MYRA

(tek fram ein konvolutt med  pengar)

Her, he du kapitalen!

LISSJE-ERIK MYRA

Kva? Pengar, men bestefar...

GAMLE-ERIK MYRA

Kva kostar den trur du?

LISSJE-ERIK MYRA

Kva ein tanks kostar? Nei, det anar I...

 

 

 

(tenkjer seg om ei stund. Får ein ide, og blir meir sjølvsikker)

 

Ja, I vil tru me kjem langt med ei sjuhundre og femti, åttehundre...

 

GAMLE-ERIK MYRA

Ja, såpass må du vel ha. Du får telje over.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Telje over?

(set i gang med  det)

Her.er 500...600...700...800...nei, her er 1000 bestefar.

Kvar he du alle desse pengane frå?

GAMLE-ERIK MYRA

I he gøymd dei godt for tyskerten.

Og det er meir der det kjem frå.

LISSJE-ERIK MYRA

 

(tek 800 og gir resten tilbake)

(til seg sjølv)

Det tenkjer I nok far er interessert i å vite.

 

 

(Stortingsmannen og Knut Myra kjem ut etter kaffislaberasen, og diskusjonen går vidare)

 

KNUT MYRA

....nei, nei...Nei, det Arbeidarpartiet ditt, Vommen. Det kjem til å drepe bygdene ein vakker dag. Sann mine ord.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

I forstår ikkje korleis du kan seie noko slikt. Det er då berre naturleg at nokre flyttar til byen og tek seg jobb i industrien. Sjå berre alt folket me no sikrar ei sikker inntekt ved Jernverket i Mo i Rana.

 

KNUT MYRA

Dei smeltar stålet ut tå bygde-Norge, Vommen! Det er snart ingen som vil drive gard lenger...Og apropos, der he du ein tå "flyktningane". Han tenkjer jo berre på EIN ting!

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

A  hei, Erik. Jaaah, denne mopeden. Du,veit ungdommen. Men kva med traktor, då Erik? Modernisere litt drifta her? Heh?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Ja, den kan du gjenta stortingsmann. Så høgt du vil. Far er døv på det øret.

KNUT MYRA

Nei, det er ikkje noko som manglar korkje på syn eller hørsel.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Å, du er no temmeleg blind.

KNUT MYRA

No er det nok, gutunge.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Så så, du må lære å diskutere, gutungen he godt tå å lære seg å argumentere.

 

 

 

 

 

KNUT MYRA

 

Nei, men denne diskusjonen vil i ha ein slutt på. Ein gong for alle.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

(synest det blir pinleg)

Ja, det er greitt det...

 KNUT MYRA

 

Det skal bli både traktor og...moped!!!

 

(Dei to andre måpar)

 

På EITT vilkår. Er det så at du vil ha denne mopeden, så skal du få den, Erik.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Ja, er det du som skal gje meg pengane då?

 

KNUT MYRA

Det skal ikkje stå på pengar, nei.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Men det var eitt "vilkår", sa du.

KNUT MYRA

 

Ja, det går ikkje an å BADE SEG til noko her forstår du, Erik. I det verkelege livet må ein ta eit tak.

 

 

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Den var god. Den skal i sanneleg notere meg. "Bade seg til noko".

 

LISSJE-ERIK MYRA

(for  seg sjølv)

Det er vel berre kjeften og bakføtene som vanleg.

 

KNUT MYRA

Vilkåret er:...

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Ja,. det er?

KNUT MYRA

At du SKYT HO BRUNA!

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Nei, no Knut!

 KNUT MYRA

Jau! Det var orda mine det! Skyt du ho Bruna så skal du få moped. No???

 

(Lissje-Erik ser vantru på far sin. Ser ned. Skal til å gå)

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

 

I trur det er nok diskusjon for i dag...

 

 

(LISSJE-ERIK avbryt han med handa)

LISSJE-ERIK MYRA

 

SKYTE ho Bruna, sa du?

KNUT MYRA

Så sant som i står her, og ho Bruna der. Skyt du ho, så får du pengane.

(ser fornøyd på stortingsmannen, dultar borti han) (kviskrar til stortingsmannen)

Sjå han no: Er ikkje vant til å ta ansvar, ser du.

(ei pause)

 

LISSJE-ERIK MYRA

Det er greitt, det!

KNUT MYRA

 

Ja, kva sa I?

Hæh?

(skjønar kva Lissje-Erik har sagt)

Kva sa du? At det var...?

 

LISSJE-ERIK MYRA

I ska skyte ho Bruna! Så får I pengar til moped! Var det ikkje det du lova?

 

KNUT MYRA

Jau, det...var det.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Og Stortingsmannen høyrde det. Ikkje sant, Vommen? Høyrde du?

 

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Høyrde og høyrde.   Men det går då ikkje an...De er nokre stribukkar begge to.

 

LISSJE-ERIK MYRA

No, he du sagt det far. Og det med vitner til stades. Sjølvaste stortingsmannen. I ska skyte ho Bruna.

 

KNUT MYRA

 

Ja, få med han Gerhardsen som vitne au , viss det er det om å gjere.

 

(KNUT MYRA litt forvilla og forlegen, vil komme seg unna situasjonen.)

 

LISSJE-ERIK MYRA

Då er det ein avtale?

KNUT MYRA

 

Pøh, det trur I ikkje noko på. Nei, la oss...

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Ja, i må i alle fall komme meg opp til Gjørmenstad. Du får ha takk for praten. Store ord...

 

KNUT MYRA

Ja, og nokon må vel få inn litt føde her på garden. Det blir landnot i kveld, ser du.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Å ja - det blir nokre kroner tå det au .

 

KNUT MYRA

 

Tja, det blir no i allefall litt småsei og dau sild.Skulle gjort som dei bortom fjorden, der lever dei tå tullingar og småsei.

(går kvar til sitt)

 

LISSJE-ERIK MYRA

(ropar etter faren)

Du lova! I skyt, I.

LISSJE-ERIK MYRA

 

Pøh!

 

LISSJE-ERIK MYRA

(Etter ei stund, ser på Bruna. Til seg sjølv:)

"Skyte Bruna"!

(går bort til hesten)

 

Nei, skulle I skyte deg, Bruna?   Du som berre er snill?

No skal I greie å skaffe meg moped.

 

(blafrar med konvolutten med pengar)

 

Det er vel ikkje heilt bra å narre bestefar slik, men

han er så hautullin at han ikkje merkar forskjell

likevel. Då skal Knut Myra få å lure på, kor

slabbedasken Erik he fått pengar frå. Og du seier ingen ting, Bruna.

 

(spring opp i nabogarden. TULL-THOMAS kjem etter)

 

 

TULL-THOMAS

 

og du seier iiiiiiingenting, Bruna.No bli det moped, no bli det mopeeeedd, Grønn og fin, blå og grønn, tanksen, tanksen pang pang pang, ørkenkriiig.

(slår stiften og dett. Spelar munnspel og gjer fakter, peikar på Bruna med eit leikegevær,ein pinne, herjar til LISSJE-ERIK kjem tilbake.)

 

Skyte Bruna, pang pang.

 

(Høyrer moped som startar og går. Spring og ser rundt

nova.) Får beskjed om å sjekke forholda, om det er

nokon heime som kan høyre når han kjem med mopeden.)

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Thomas, sjekk om det ER nokon der.

 

TULL-THOMAS

Sjekke forholda. Sjeeeeeekkkke, sjekke.

(spring rundt og liksom kikar)

 

Ingen Knut Myra, styyyyygg som berre det.He-he.

 

(vinkar på LISSJE-ERIK som er bakom nova. LISSJE-ERIK kjem køyrande på mopeden inn på tunet, stolt som ein hane)

 

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

Sjå her, Thomas. Ein Tempo Lett.

 

TULL-THOMAS

Oooooh, no dauar hesten! No dauar hesten!

(fortvila)

 

LISSJE-ERIK MYRA

Nei, då Thomas. Bruna dauar ikkje.

 

TULL-THOMAS

Du sa det, du sa det, Erik.

(oppi ansiktet på han)

No veit du ikkje kva du he gjort. Ta bli ikkje lett, lett, lett, lett - ja, lett.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Ja, det er berre noko dei kallar den: Lett, altså. Den er egentleg ganske tung. Trengst krefter for å styre ein slik ein skjønar du, Thomas.

 

TULL-THOMAS

 

Ja, tung, tung, tung, tung. Du er sterk du Erik!

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

(ropar)

Bestefar!

Bestefar! Thomas, sjå om du finn bestefar.

 

 

TULL-THOMAS

Han er heilt...heilt...heilt...tullinj han!

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Hysj, Thomas, ikkje rop så alt folk kjem.

 

(GAMLE-ERIK MYRA dukkar plutseleg opp på taket av våningshuset, med ein kasserolle som hjelm, og diverse anna sinnsjukt "krigsutstyr")

 

GAMLE-ERIK MYRA

Avdeling holdt! Kvil! Erik,har du…

(hemmeleg) utstyret klart?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Oppdraget utført. Her er tanksen!

 

GAMLE-ERIK MYRA

 

Oj,oj,oj. Ein retteleg tanks. Bra Erik! Britisk merke, reknar I med?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Britisk. Nei, frå Sandnes.   I Norge, bestefar. Øglænd fabrikker. Norsk tempotanks!

 

GAMLE-ERIK MYRA

 

Norge viser seg igjen frå si beste og mest stridslystne side. Her skal ingen sparast. No kan tyskerten komme!

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Men no må du komme ned frå taket så ikkje nokon...

 

(KNUT MYRA kjem)

KNUT MYRA

Kva er det som foregår her. Moped!

 

GAMLE-ERIK MYRA

Tanks!

KNUT MYRA

 

Og kva i heitaste gjer du oppå taket, far???.

 

GAMLE-ERIK MYRA

(dukkar)

Fienden kjem! Me rømmer inn i skogen.

 

(spring ned av taket,LISSJE_ERIK legg etter han og hentar

han inn.I det samme kjem også LINE, KLARA OG GRØN,

som har sett og høyrt oppstusset på tunet)

 

LINE VOMMEN

 

Kva er det som skjer, Erik?

 

KLARA GJØRMENSTAD

Kva gjorde bestefar din oppå taket?

 

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

Nei, det...

 

KNUT MYRA

 

(kjem dragande med GAMLE-ERIK MYRA)

 

Ja, går det an å få ei forklaring på dette her?

 

GAMLE-ERIK MYRA

Det er ørkenkrig!

KNUT MYRA

 

Hysj, far. Erik? I ventar..

LISSJE-ERIK MYRA

 

Jau, altså. Bestefar ville at I skulle kjøpe...

 

KNUT MYRA

...Moped? Er du blitt fullstendig gal no far?

 

GAMLE-ERIK MYRA

Tanks!sa I.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Nei, altså bestefar ville at I skulle kjøpe ein tanks, og så ville I ha moped.

 

 

 

LINE VOMMEN

Moped? Det er jo heilt ute! Hadde ikkje du bestilt motorsykkel frå byen då? Du sa ikkje noko om vanleg moped til meg. Tempo Lett?

 

KLARA GJØRMENSTAD

Der ser du! Det er berre løgn og skryt på den karen. Kva sa I?

 

AGRONOM LARS GRØNN

Ja, det må jeg si. Jeg hørte også tydelig at han sa motorsykkel, men tanks? Hva slags mennesker er dette?

KNUT MYRA

Stopp!Stopp! Her!Bortsett frå at de er sprøyte gal begge to, kor kjem pengane til dette kjøpet frå?

 

AGRONOM LARS GRØNN

Han betalte meg kontant, 800 kroner!

 

LINE VOMMEN

800 kroner. Brukt MO-PED. For ein bygderåner. Og dette skulle du liksom til byen med ?

KNUT MYRA

Hys]! Kor kjem dei pengane frå, spør I.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Nei, dei kom no frå...

 

KLARA GJØRMENSTAD

Frå panelomnane kanskje? Kva trur du som har så fin utdannelse om folket her. Er det ikke festlig i bygde­ Norge.

 

(ler rått og flørtar med agronomen)

 

 

AGRONOM LARS GRØNN

 

Jo ja, altså..Ja, det gikk visst "VARMT" unna med

panelovnene. Midtsommers. Haha.

 

GAMLE-ERIK MYRA

Heimefronten betalte tanksen! Gutta på skauen. Milorg.

KNUT MYRA

He du narra pengar tå denne gamle borttøva bestefar din, Erik?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Han kom med dei sjøl!

KNUT MYRA

 

Og kor he du pengar gøymt unna då, far? Alle dine midlar er sett under verge! He du gøymt unna pengar for son din?

 

GAMLE-ERIK MYRA

No blir det intenst avhør! Tortur! Gjelling med greip!

KNUT MYRA

Agronom Grønn! Dette salget er ugyldig. Det er umyndige galningar som he kjøpt mot bedre vitande.

 

AGRONOM LARS GRØNN

Ja, jeg vil da på ingen måte...

 

KLARA GJØRMENSTAD

Gje dei pengane, så tek du att mopeden.

 

 

 

 

GAMLE-ERIK MYRA

Ingen får ta tanksen frå gutta på skauen!

KNUT MYRA

Jau, ta no med deg mopeden din att agronom, og pengane kan I få!

 

(Scena løyser seg opp med dette nederlaget,folk går til sitt.)

 

LISSJE-ERIK MYRA

Ja,ja, Bruna

 

(peikar på ho som om det var med eit gevær)

 

Då er det berre ein ting som står att.

 

(trekkjer seg)

 

Nei, det finst ein likare måte.

 

(set fingrane som pistol mot tinninga)

 


 

 

 

TEMPO LETT   AKT 3

 

(Måndag 7.oktober 1957. Stortingsvalgdagen. LISSJE­ ERIK kjem inn på tunet med ei børse. Møter KLARA)

 

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Hei, Erik. He du...vore og gjort borgarplikta di i

Stortingsvalget?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Ja, det he I gjort. I he skote ein svartbak som sat på nausttaket og gnall åt meg og såg stygt på meg.

I er lei tå å få kjeft. Anten det er far min, kjerringar eller stortingsmenn.

 

KLARA GJØRMENSTAD

Ja men viss du vil ha forandring så må du bruke stemmeretten din då, seier han onkel Einar.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Hah! Stemmeretten er I fråteken for lengst, umyndig som sjølvaste Gamle-Erik Myra. Kan ikkje bestemme over nokon ting, lell.

 

KLARA GJØRMENSTAD

Nei, I veit ikkje. Politikk, det he I ikkje greie på..Synest me he det bra, I.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Så du er...fornøgd med agronomen din?

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Å nei, det...blir ikkje noko tå det.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Blir ikkje noko?

 

KLARA GJØRMENSTAD

Nei han fer han no snart. Synest vel det var for stussleg alt her.

 

LISSJE-ERIK MYRA

(tenkjer seg om)

Og tok med seg mopeden då.

 

KLARA GJØRMENSTAD

Ååååååh! Moped her og moped der! Ja, han tok med seg mopeden, Erik. Er det ikkje anna i hauet på deg enn moped.

(slenger seg ned på tunet)

 

LISSJE-ERIK MYRA

Du forstår ingen ting du Klara! Og I forstår meg ikkje på deg, heller.

 

 

 

KLARA  GJØRMENSTAD

Å jau då, forstår meir enn du trur. Er du så enkelt kobla oppi hauet at du trur kvinnfolk tenner på deg

(gjer seg til og klenger på han)

og vil HA deg, berre fordi du kjem på ein idiotisk trøsykkel med motor!?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Klara, hald opp - det er ikkje slik.

 

KLARA  GJØRMENSTAD

Trur du at kvinnfolk er så enkel som han der...han der Mykle skriv, at me berre legg oss ned for den første og beste som struttar med fjøra?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Nei, men herre fred, då Klara. Det er ikkje det.

 

KLARA  GJØRMENSTAD

 

Og du ville vel helst til byen og sjekke eksosryper? Hæh? Som ho Line.

 

LISSJE-ERIK MYRA

Ho Line? Nei...

 

 

KLARA  GJØRMENSTAD

Men I skal fortel deg at ho er ikkje meir interessert

 

i deg enn ei skiten kopptue. Ho synest du er bløffmakar og ein bygdetulling som trut at eksosrypene står og stønnar i vegkanten.

 

LISSJE-ERIK MYRA

(ser oppgitt på henne og tek ein god pause.)

 

Ja, men det er da SANT det!

 

 

KLARA  GJØRMENSTAD

Nei; dei GJER ikkje det, Erik

 

LISSJE-ERIK MYRA

Du misforstår! I ER ein bygdetulling. Og bygdetullingar og andre moldaper får halde seg til sitt slag. Ikkje sant?

 

 

KLARA  GJØRMENSTAD

(angrar seg)

Å, Erik I meinte ikkje å...

LISSJE-ERIK MYRA

Forstår du ikkje at det må gå an å få komme opp og puste litegrann på overflata. Det går da ikkje an å gå her og trø i all evigheit. I føler at I rotnar opp. Her blir ein fødd gammal, Klara.

 

KLARA  GJØRMENSTAD

 

Jaa...det er ikkje akkurat så mykje å ta seg til her for den som er ung.

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

Nei, ikkje sant? Og ein moped kunne gjort stor forskjell. For meg i alle fall. Du skulle sett kor dei flirte tå meg då I kom på fotballtrening, med hest og vogn! Når dei andre hadde moped. Og I vil ikkje GÅ på fest.

 

KLARA  GJØRMENSTAD

Det er då vel ingen som bryr seg om det, Erik.

LISSJE-ERIK MYRA

Jau., I gjer det.

KLARA  GJØRMENSTAD

(ser lenge på han)

 

Så det er ikkje eksosryper du er ute etter?

LISSJE-ERIK MYRA

Hæh!? He du sett bæraren på ein Tempo Lett. Dei kvinnfolka som skal sitte her må vere smalare over rauva enn eit naftaglas!

 

KLARA  GJØRMENSTAD

(letta)

 

Ja, det trur I au. Og så smal over raua er dei ikkje i byen heller.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Nei, Klara - eksos ja

(supar inn)

fart ja, vrooommm men veit du, I prøvde mopeden hans Lars ein gong. Det er akkurat den følelsen når du sleppe opp klutsjen og han TEK, det er..er...åååå. Og vinden som ruskar i håret

 

 

KLARA  GJØRMENSTAD

Ja, du blir no bustete på håret au du, Erik.

LISSJE-ERIK MYRA

(tenkjer seg  om)

I trur ikkje eksosrypene i byen er mitt slag egentlig.!

som er vaksen opp i torvemyrå.

 

 

KLARA  GJØRMENSTAD

Så det kan finnest kvinnfolk her som dug til noko au?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Kvinnfolka er da bra nok dei.

(ser på Klara)

 

Du er meir enn bra nok, du Klara.

 

 

(stille stund mellom dei to.Dei tek forsiktig hendene til kvarandre. Dei nærmar seg kvarandre meir,han blir litt ivrig og he handa på veg mot brystet hennar, ho tek den vekk og ser ned, dei ser på kvarandre igjen. Så blir dei avbrotne. Han kviskrar og slepper Klara brått.)

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Oj, der kjem mor di!

 

 

(Dei to finn seg plassar langt frå kvarandre. Enka ser litt forundra på dei, men ingen seier nokon ting.)

 

 

KJELLAUG GJØRMENSTAD

 

Jaaaa - der for agronomen. Han fekk nok den karen. Og

du Klara kunne ikkje såpass som vente på og seie adjø.

 

KLARA  GJØRMENSTAD

Kvifor skulle I det? I he ikkje bruk for agronom.

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

Bruk for! Det er då ein kjekk kar. Ein som passar til deg.

KLARA  GJØRMENSTAD

Pøh! Han var sveitt, og når han vaska seg så lukta det Sterilan attom den kvalme kvitskjorta hans. Og var berre ute etter ein ting.

 

KLARA  GJØRMENSTAD   (FORTS)

(ser på Lissje-Erik som skjemmest)

Han au!

 

KJELLAUG GJØRMENSTAD

Kjempeoverraskelse! Mannfolk ER slik Klara, det må du ta med på kjøpet.

KLARA  GJØRMENSTAD

(ser forsonande på Lissje-Erik)

 

Han Erik er ikkje slik.

 

KJELLAUG GJØRMENSTAD

Han Erik? Ser du ikkje kva han les då, Mykle­pornografi. Om han ikkje he vett til å komme på det sjølv, så får han nok idear fort nok tå han Mykle.

 

 

 

KLARA  GJØRMENSTAD

Han Erik er ikkje slik. Det er berre ei bok, og han Mykle hamnar sikkert i fengsel, og så er me kvitt han.

 

KJELLAUG   GJØRMENSTAD

Jau, der he du nok rett. Men skaden er nok skjedd her au .

 

KLARA  GJØRMENSTAD

(trassig)

Han Erik er bra nok åt meg.

 

LISSJE-ERIK  MYRA

Og ho Klara åt meg!

 

KJELLAUG   GJØRMENSTAD

(ser arg på dei to)

Bra nok? De er no vel bra nok begge to! Står ikkje på det!

(Dei to ser forundra og forventningsfulle ut)

Men det kjem uansett ikkje på tale!

 

(KNUT MYRA og MAREN MYRA kjem inn på tunet etter å ha

vore og stemt)

KNUT MYRA

Kva slag kråketing er dette her? Er det ikkje stortinget me skal velje i dag?

 

KJELLAUG GJØRMENSTAD

 

I trur kanskje du skulle passe litt meir på småsporvane her. No er det ikkje lenge før dei lagar reir saman, skal i forstå dei rett.

 

 

KNUT MYRA

Dei to der? Hah. Det reiret blir det verre å finne kvist åt her.

 

KLARA  GJØRMENSTAD

Mor,du treng ikkje å...

 

KJELLAUG   GJØRMENSTAD

 

I he sagt mitt...og far din au, forresten

 

KLARA  GJØRMENSTAD

 

Han far, men det er jo mange år sidan han døde, han kunne då ikkje…

 

KJELLAUG   GJØRMENSTAD

 

Det er så, Klara, men i denne saka var me enige.

 

Nei, det kjem aldri på tale.

 

LISSJE-ERIK  MYRA

(arg)

 

Det var då frykteleg så enige de to var for ein gongs skuld!

 

 

 

 

KLARA  GJØRMENSTAD

Ja, de kranglar om alt, men liva våre er de hjertens enige om. Men det er ikkje sikkert me he tenkt å høyre på dykk.

 

LISSJE-ERIK  MYRA

Klara?

KLARA  GJØRMENSTAD

Ja, stod du ikkje nettopp og sa at I var bra nok?

LISSJE-ERIK  MYRA

Jau, I sa vel det på eit vis.

 

KLARA  GJØRMENSTAD

På eit vis?

KNUT MYRA

 

Det må I seie. Dei er visst blitt giftesjuk ungdommen. Eller er det anna som rir dei. Det er vel ikkje Mykle­idear de he fått.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Far, no må du gi deg du då...

 

KNUT MYRA

I ska fortel deg ein ting at I he reist med Hurtigruta til Bergen ein gong, og det var ingen ting som føregjekk ombord der slik som han Mykle skriv...

 

KLARA  GJØRMENSTAD

Sei, meg he du studert verket, Knut?

 

 

 

KNUT MYRA

He ikkje tatt i boka. Men I les no vel aviser.   Den slags utuktige skrifter må stillast til doms. Det meinar no i. Han Mykle er ein horbukk, det er no mi meining.

 

MAREN MYRA

Sei det som det er, Knut.

KNUT MYRA

Tydlegare kan det vel ikkje seiast, Maren: Det blir IKKJE noko tå Erik og Klara, viss det er det dei pønskar på.

 

KJELLAUG GJØRMENSTAD

Kunne ikkje sagt det betre sjølv,  faktisk.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Så DET skal du au   bestemme over au    no? Du skal bestemme kva tid me står opp, kva me et, om me skal fryse ihjel eller bli oppetne tå knott, når me skal...skite...om me skal bade, om me skal spele fotball,kjøpe moped- de skal bestemme alt over oss.

 

KLARA GJØRMENSTAD

 

Kva om me ikkje he tenkt å høyre på dåkkå- ein gong for alle.

 

KNUT MYRA

 

 

Vel, i denne saka er det dessverre ikkje noko å

diskutere.

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

I fattar ingen ting? Klara kom hit.

(ho kjem bort til han. Lissje-Erik Legg seg til og skal fri)

 

Klara, vil du ha meg til mann, berre I får råda til moped og kjem oss her ifrå.

 

KLARA GJØRMENSTAD

(Ho er flirfull og forvirra samtidig)

Å, Erik,· I ...

 

 

MAREN  MYRA

No er det nok!

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Mor? Skal du au ta deira parti no?

 

MAREN MYRA

Vent no litt, Lissje-Erik.

 

(til KNUT MYRA)

 

Høyrde du kva I sa?

 

 

KNUT MYRA

Kva du sa? Du sa da vel noko...

 

MAREN MYRA

Ja, I spør: Er det berre Agnar Mykle som skal stå til doms, eller er det kanskje andre som skal stå til rettes når sanninga skal fram, Kjellaug Gjørmenstad og Knut Myra?

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

Du meinar vel ikkje at me...

 

(KNUT  MYRA  tek  kona til sides og   kviskrar.  Dei he ein

heftig debatt.)

 

MAREN MYRA

(kviskrar)

 

Eingong må dei få vite det! Dei er vaksne nok til å tole det. Og i trur det krevst ei forklaring no.

 

KNUT MYRA

(kviskrar)

 

KAN ikkje det, Maren. Kva trur du folk vil seie?

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

(har høyrt at mora seier "vite det")

Vite kva mor?

 

 

 

 

 

(ser lenge på dei begge, sluttar diskusjonen)

 

Spør far din, du Erik. Og du mor di, Klara.

 

KLARA GJØRMENSTAD

Om kva?

 

MAREN MYRA

 

Kvifor det aldri kan bli gifte mellom Lissje-Erik Myra og Klara Gjørmenstad!

 

(ungdommane ser på foreldra sine)

 

LISSJE-ERIK MYRA

Ja,kvifor?

 

KLARA GJØRMENSTAD

Mor?

 

(dei to foreldra ser på kvarandre. Enka nikkar til

Knut Myra)

 

KNUT MYRA

Det er slik...at..

Ja, farken det var eit hendeleg uhell vil I seie.

 

 

KJELLAUG GJØRMESTAD

Knut!?? Eit hendeleg uhell?

KNUT MYRA

Det var jo du som...

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

Som kva, din...!

 

MAREN MYRA

Slutt å gå rundt grauten, begge to!

 

LISSJE-ERIK MYRA

Kva er det de snakkar om?

KNUT MYRA

 

Jaa..altså..ho Kjellaug her...altså ho...og I

 

forsåvidt...

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

 

Forsåvidt!?? Det den elles så munnrappe far din prøver å seie er at...

 

...ho Klara er søster di, Erik!

 

 

(Dei unge reagerer sterkt. På samme tid kjem fleire folk inn på tunet frå stemmelokalet, deriblant STORTINGSMANNEN og kvinneforeninga)

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Er dette sant? Er Klara søster mi?

KNUT MYRA

 

Ja, det ER sant.

 

KLARA GJØRMENSTAD

Mor???!

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

Ja, du lyt få vite alt, Klara. Du er dotter til Knut

Myra .

KLARA GJØRMENSTAD

Men...

(ho brest i gråt)

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

 

Høyr no berre. I vår ungdom var I og Knut vennar,ja kjærestar, men så vart det ikkje oss.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

 

Så her er alle veljarane?.

 

 

 

(stoppar)

(Enka stoppar då ho ser at Stortingsmannen er kommen.

Tek ein pause. Han ser på henne, forstår situasjonen og avbryt sitt, og skal til å snu)

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

 

 

Nei, Einar - du treng ikkje å gå.

 

 

(Han stoppar og blir)

 

 

Ja, altså, det blei ikkje I og ‘n Knut. Det blei brått slutt mellom  oss.

KNUT MYRA

 

Det blei no vel littegrann? For å seie det mildt.

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

Ti still, Knut!

 

Og like snart som det blei slutt med deg, blei I gift på Gjørmenstad, og det var før i oppdaga at I var gravid med deg.

 

KLARA GJØRMENSTAD

Hadde du fleire kjærestar samtidig, mor?

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

Nei, fleire og fleire? Det var no berre to. Måtte sikre seg den tida.

KNUT MYRA

Me var «bukbrør» I og bror til Stortingsmannen. Han visste berre ikkje at I var best til å .

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

 

Og dette he de halde skjult for oss i over 20 år. Og for deg mor?

 

 

MAREN MYRA

 

 

Nei, Erik, I fekk vite det.

 

I visste kven I gifta meg med, og kor far din hadde fore frammed.

 

 

(Klara gret, STORTINGSMANNEN kjem og trøstar henne.)

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Ja, det måtte vel fram eingong, Kjellaug.   Det måtte vel det. Så Klara, det går bra

 

(ho vrir seg unna han)

 

 

KNUT MYRA

 

 

Ja, no er det gjort.

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Nei, det er slettes ikkje "gjort". Trur du at denne livsløgna berre kan feiast bort med "no er det gjort". Er det meir du he løge om au ?

 

KNUT MYRA

 

Nei, I he ikkje...I lyg ikkje...I berre seier...oppatt:..det anna folk høyrer av...meg!

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

 

Du seier akkurat det som passar deg best, samme korleis du behandlar andre. Korleis skal I tru på deg noko

meir?

KNUT MYRA

 

 

I står ved mine ord. I he mine meiningars mot, samme om det ikkje passar andre, Erik.Det er noko anna det.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

 

Meiningars mot, du liksom..

 

 

KNUT MYRA

 

Ja, det he I, Erik. Men dette her var ikkje...

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

(tek opp børsa)

 

 

Få sjå det då.

 

(til Stortingsmannen)

 

 

Stortingsmann, kva var det far lova sist du var her?

 

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Han lova i alle fall å ikkje stemme Arbeidarpartiet.

 

(fårete latter, skjønnar at no er det ålvor)

 

 

Nei, I veit ikkje heilt...

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

 

Kva var det han lova meg, medan du stod der som vitne?

 

 

KNUT MYRA

 

 

Erik då...Du kjem vel ikkje med den mopedgreia di igjen?

 

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

 

Jau, det var "den mopedgreia". Men det handlar om å halde ord ikkje sant? Kva var det du lova?

 

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

 

Ja, du sa vel, Erik, at den einaste måten du kunne få moped på var å...å...

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

 

...skyte Bruna! Ikkje sant!? Far!? Var det ikkje det?

 

KNUT MYRA

 

 

Sa I det? I seier no så mangt! Ikkje sant?

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Ja, men no he du sagt ein ting for mykje. Knut Myra

 

Lagt ein stokk for mykje i vegen min.

 

 

(løftar geværet og siktar mot Bruna. Folk blir skremt.)

 

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Erik, nei du må ikkje. Det var sikkert ikkje meint slik, Erik. Det er berre slike ord som fell.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Det var ingen stortingsproposisjon, eller valgflesk det der Vommen. Det var reine ord for pengane, og no skal det bli moped på Lissje-Erik Myra. Bruna!

 

 

(løftar geværet og tek ladegrep)

 

 

 STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

 

Erik! Du må ikkje gjere slik, du kan bli bura inne!

 

 

 

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

No skal du det bli MOPED på Myra, Knut Myra. Her er det ikkje lauskrut heller, og ingen tomme løfter. Torvtrælen skal ha sitt!

 

 

(tek ladegrep. Stortingsmannen tek eit steg fram for å liksom stopp han, men faren legg seg mellom)

 

(Så høyrest ein smell ein annan stad frå, bak løa, og ein moped rusar opp. Ridande på mopeden kjem GAMLE­ERIK MYRA, som no trur det avgjerande slaget er komme. Han køyrer "tanks og skal ta tyskeren". Avfyrer eit skot i lufta og ropar, køyrer i ring på tunet til folks store forskrekkelse, senkar geværet mens han køyrer rett mot Knut Myra, Fyrer av eit skot som treff Knut Myra i låret så han blir liggande. Veltar på mopeden og blir liggande sjøl. Fullt kaos, alle spring til og skal sjå til Knut Myra som ligg på bakken og held seg om foten og hyler.)

 

 

MAREN MYRA

 

 

Å herregud, han skaut son sin!

 

 

GAMLE-ERIK MYRA

Tyskerten datt! Me tok han.

 

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Han blør! Surr rundt ei fille. Han må til doktor, fort. Korleis skal vi få han dit.

 

KJELLAUG GJØRMENSTAD

 

Traktoren vår!

 

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Ja, hent den!

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Nei, det blir for tregt.

 

 

MAREN MYRA

 

 

Ta mopeden Erik! Ta mopeden og køyr far din inn til doktoren!

 

 

(Hentar den velta mopeden)

 

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Få han oppå hit!

 

 

(Dei får buksert han opp på mopeden på eit vis. LISSJE­ ERIK startar og køyrer vekk.)

 

 

MAREN MYRA

 

 

Køyr,Erik!

 

 

 

(dei andre ropar også "køyr")

 

 


 

 

 

AVTONING 3.AKT

 

(Det er 13.oktober 1957, søndag etter Stortingsvalget)

 

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Men "reint fleirtal", Maren Myra - det betyr at

Arbeiderpartiet aldri he gjort eit betre valg.

 

MAREN MYRA

 

Så no blir det "nye, gode år".

 

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Javisst, regjeringa hans Gerhardsen held det den lovar.

 

 

MAREN MYRA

 

Kjøleskåp au?

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

 

Hæh?....Åja- kjøleskåp ja!

 

 

MAREN MYRA

Og panelomn?

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Ja og panelomnar, ja. Panelomnar til folket!

 

MAREN MYRA

Då stemte I rett då, denne gongen!

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Det gjorde du ja, og i skal sanneleg høyre med han Einar Gerhardsen sjølv, om ikkje kan bli med og skrue opp panelomnane dine som takk, Maren Myra!

 

MAREN MYRA

Å,du store verden! Nei, det trur I ikkje på!

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Ikkje det?

MAREN MYRA

Er ikkje han Gerhardsen vegarbeidar då?

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Vegarbeidar..? Jau, haha- javisst er han det, men I trur han skal greie å få opp ein panelomn, Maren Myra.

 

 MAREN MYRA

Jau, det er vel ein hendt mann.

 

 

LINE VOMMEN

Far, no må me dra!

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Javisst, Line, vi skal komme oss på båten att. Men ho tante Kjellaug skulle berre oppom og hente noko god spekesild me skulle få med oss.

 

LINE VOMMEN

·Æsj, spekesild!

 

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

I tenkte i berre som snaraste skulle få sett om han...

 

 MAREN MYRA

Du treff "han med foten", inne.

 

(Ei romstering i svalgangen. Vi høyrer Knut Myra)

 

KNUT MYRA

...nei, DU skal ingen stad far- du sit her og bøter garna og går ingen stad. Forstår du?

 

GAMLE-ERIK MYRA

(Han legg i mot frå svala)

I syr fallskjerm. Fallskjerm til stormtroppene.

 

 

 

 

KNUT MYRA

 

Ååååååååååååh...I blir tullen..

 

(kjem ut av svala PÅ KRYKKER)

 

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Ja, men der ER du jo, Knut. Og du formeleg sprett på foten?

 

KNUT MYRA

 

Jau, til å ha vore skoten tå sin eigen far, så er det berre utruleg kor ein dreg seg til. Og med litt statsstøtte attåt...

(nikkar mot krykkene)

så går det fint. Sjå her...

(lettar opp krykkene)

 Utan Staten så dett me bønder saman. Haha!

(dett)

Auuuu...

 

MAREN MYRA

 

Knut då!

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Nei, I trur du må stå på eigne fotar litegrann au, ikkje berre lite på Staten.

 

 

 

KNUT MYRA

 

Helvetes Arbeidarparti, berre lovar og lyg!

(Stortingsmannen og Maren Myra hjelper KNUT MYRA på føtene)

 

(LISSJE-ERIK kjem køyrande rundt nova på mopeden med

TULL-THOMAS på. Dei stoppar framom LINE VOMMEN)

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Hei...    .

 

LINE VOMMEN

 

Å Erik...er du...skal du...?

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Skal ingenplass. Berre hjelper han Tull-Thomas å rase frå seg ungdomstida.

 

TULL-THOMAS

 

Raser, raser, raser, ja- raaaaser...TULLING!  Hæææhæææ!

 

 

 

 

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Ja, ungdommen er seg sjøl lik. Men veit du det, Knut at ungdommen ikkje er så verst likevel - det var mange - veldig mange, som stemde på oss...

 

KNUT MYRA

Dei torde vel ikkje anna! Elles så blei dei vel sett i leir bortmed han Khrutsjov!

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Nei, no Knut Myra, gjekk du over streken. Det Norske

Arbeiderparti er ikkje noko Sovjetsamvelde..

 

TULL-THOMAS

 

Serviett-samveldet, seerviettsamveldet, serviett

KNUT MYRA

Ha,ha,ha- jau, Norge er eit...hah...serviettsamvelde

 

(alle ler)

Kom og tørk!

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Hah, ja, ja - de he no ikkje tørka bort fliren enno, i alle fall. Og så he de fått MOPED!

 

LISSJE-ERIK MYRA

Men han dug ikkje til sjuketransport tempoletten - det vil I berre ha sagt.

 

 

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

Å, nei?

 

LISSJE-ERIK MYRA

Han far låg over meg så tung då i køyrde han til doktoren at i knekte minst to sidebein.

 

KNUT MYRA

 

Pøh- du he ikkje verken..hah sidebein eller...rygg du Erik

 

LISSJE-ERIK MYRA

Men I he i alle fall moped no!

 

KNUT MYRA

 

Ja, og det er forderveleg BRA!

(alle ser forundra)

 

Ja, klart det er bra at gutungen he moped. Så han

får meg til doktoren før I dauar frå heile garden.

 

MAREN MYRA

Ja, DET er bra, Knut.

 

 

 

 

 

 

KNUT MYRA

 

Ja,så slepp me at han Lissje-Erik ruinerer garden på fjortendagar og sender oss alle i gjeldsfengesel.

 

 

(folk ler og så kjem GAMLE-ERIK MYRA fykande med nota slepande etter seg og over hovudet)

 

GAMLE-ERIK MYRA

Er det fengsel og tortur att? Alle mann tek på seg fallskjerm! Hopp! Hopp, sa I. Elles så blir det fengsel og gjelling.

 

(styrer voldsomt med nota og hoppar)

 

TULL-THOMAS

Hopp.Hoppsann.Hopppppsi-deisi.

 

(KJELLAUG GJØRMENSTAD kjem med ei bøtte med spekesild)

 

KJELLAUG GJØRMENSTAD

Og her er det seg sjølv likt forstår i.

KNUT MYRA

Ja, du kunne ikkje vere så snill å hjelpe oss litt...Kjellaug

 

(alle ser forundra på Erik)

 

KJELLAUG GJØRMENSTAD

(veldig forundra)

Jau...men...du er ikkje den som ber om hjelpe frå...oss...du Knut.

 

 

 KNUT MYRA

 

Nei, men no TRENG I hjelp! For ein gongs skuld!

 

KJELLAUG  GJØRMENSTAD

 

Kva skal du ha hjelp til då?.

KNUT MYRA

Kan du vere så snill å legge desse karane…

 

(peikar på GAMLE-ERIK MYRA og LISSJE-ERIK)

 

nederst i siloen?

 

(alle brøler ut i latter)

 

 

LINE VOMMEN

Far, no går me.

 

STORTINGSMANN EINAR VOMMEN

 

Ha-ha. Ja, no går me Line. GÅR, sa I-Knut, på føtene våre.

 

LISSJE-ERIK MYRA

 

Du, Line...det kan hende at I...at I og . .. tempoletten...

 

 

LINE VOMMEN

 

Ja? Gjer du deg ein tur på..."motorsykkelen"  din?

 

TULL-THOMAS

 

He du silketruse, Line? Siilketruuuse, silketrrrrrrruuuu

 

LISSJE-ERIK MYRA

Thomas, no ska du få!!

 

(spring etter og skal denge han)

 

TULL-THOMAS

 

Tempo LETT no, Erik. Lett,lett, lett - ikkje tung tung, au på Thomas, auuuuu. Lett lett.

 

 

(Alle vinkar farvel. Når alle he forlate tunet står Tempo Lett att for seg sjøl, heilt åleine. Musikk: Tango for to. Ved applaus samlar alle aktørane seg rundt mopeden, som ein hovudperson.)

 

SLUTT

 

 

 

 

 

 

 


Arild Hoksnes